Lysløyperenn vinteren 2017

Nedanfor ligg link til lysløyperenna 2017. Også i år blir det i samarbeid med Harpefoss og Gålå idrettsanlegg, dvs at nokre renn blir i Lia, nokre i Hardvollsmorka og nokre på Gålå. Dersom det ikkje er føre i Lia, flyttar vi til Hardvollsmorka og er det ikkje føre der heller så blir det på Gålå. Vi kryssar fingrane for ein fin vinter. Følg med på heimesidene for oppdateringar før renna.

Skileik frå ca kl 17.30. "Barn i løypa" startar kl 18.00 og med påmelding frå kl 17.30. Lysløyperennet for 8 år og oppover startar kl 18.30. Påmelding innan kl. 18.15. Tidtaking på alle renn (men ikkje rangering for dei minste). Det er skileik for dei minste før eventuell start i lysløypa.

Alder på barna er ut frå det året som dei fyllar i 2017. Barn opp til og med 7 år går "Barn i løypa" og i ei løype som passar for årstrinna. 8 ,9 og 10 år går 1km, 11 og 12 år går 2km, 13 og 14 år går 3km. 15 år og eldre går i utgangspunktet 5 eller 10km.

Ansvarleg  for skileiken er alle foreldrene som er tilstades! Langrennsutvalet har sett opp arrangørstab og håpar at alle kan møte på sin plass. Gi beskjed dersom det ikkje passar! Vi håpar dette vil gå like greit som før om åra.

Vedlegg:
Last ned denne filen (Lysløyperenn 2017.pdf)Lysløyperenn 2017.pdf[ ]186 kB

Sponsorer