Skitrening hausten 2016

Ski- og friidrettsgruppa startar opp att  med hopp- og langrennstrening inne og ute etter haustferien. Fram til jul følgjer vi opplegget nedanfor, men følg med på heimesidene sfil.no/ski, under fanene «Langrenn» og «Hopp», for eventuelle oppdateringar og tilleggsaktivitetar.

Hopptrening, måndag på Midtbygda

18.00-1930 hopptrening med fokus på spenst, balanse og leik

Langrennstrening, tyrsdagar på Midtbygda

17:30 - 18:30  3-5 år, leik og diverse aktivitetar

18:30 - 19:30  6-8 år (1.-3. klasse) – Leik, litt "ski-aktivitet" og avslutning med hjørnefotball

18:45 - 20:15  9-90 år (frå 4. klasse) - 45 min ute med løp, spenst, balanse, fart, balleik, ulike stafettar osv. Ta med refleksvest og lykt. Deretter 45 min inne med sirkeltrening og avslutning med hjørnefotball.
Dei som ønskjer det er også velkomne til å delta på sykkeltrening med Harpefoss IL i Hardvollsmorka (sjekk Harpefoss il for meir info).

Langrennstrening, torsdagar

Trening ute for 4. klasse og eldre. Vi legg opp aktivitetane etter vêr, føre og deltakarar, så følg med på heimesidene under Langrenn for oppdateringar. Ulike aktivitetar som løping, terrengsykling, rulleski (vi har rulleski til utlån), fotball, ski m.m.

Vel møtt til leik og moro! Helsing oss i hopputvalet og langrennsutvalet i ski- og friidrettsgruppa.