|
Heimeside 1999 og 2000 2001
NM junior 2008
Andre samarbeidspartnarar skøytegruppa:

KVAM
MEK.VERKSTED
2642 Kvam


Ringebu Sag


| |
Nyheitsarkiv
2008, 2007, 2006, 2005, 2005, 2003, 2002
|
Siste
indre på Valle Hovin (16.03.09)
Ina Johanne Jansen Skogstad og Eline Almehagen frå Sør-Fron IL deltok på
skøyteløpet Siste indre på Valle Hovin 14.-15. mars.
Resultata finn du her.
Fosenløpet i Bjugn (16.03.09)
Fire løparar
frå skøytegruppa vår deltok på Fosenløpet i Bjugn 14.-15. mars.
Desse var Malin Øverjordet, Anne Lise Bergum, Camilla og Malin W
Evjevik. Dei fleste sette personleg rekord, og Malin sette
klubbrekord i klassa 13 år.
Fleire
resultat finn du her.
|
|
|
Løp på
Leangen (08.03.09)
Laurdag 7. mars deltok tre løparar fra Sør-Fron på skøyteløp på Leangen
i Trondheim. Dette var Malin Øverjordet (rekrutt), Camilla Wangen
Evjevik (10 år) og Aina Kolobekken (11 år). Under ser de bilde av desse
tre saman med dei andre deltaktarane.

|
Veteran-VM på Bjugn (08.03.09).
Helga i veke 9 deltok to løparar frå Sør-Fron på veteran-VM i Bjugn.
Svein Bruket var ein av desse, og med ein formidabel innsats og gode
tider på alle distansane han gjekk, vart det 2. plass på Svein.
Gratulerer!
Ingunn Sandø gjorde det og bra under
dette stevnet, og enda på ein 4. plass i si klasse.
 |
|
Hallingdalskarusellen (05.03.09).
38 små og store frå Sør-Fron til Gol med buss, og målet var
mellom anna å delta på Hallingdalskarusellen. 12 løparar
frå Sør-Fron stilte til start på Glitre stadion. Over halvparten av løparane
frå Sør-Fron sette ein eller fleire personlege rekordar. Dagen vart
avslutta med ein stafett der Sør-Fron stilte med eit ungt og talentfullt
lag. Desse vart nok lettvektare samanlikna med dei andre laga (som var
inntil 16 år eldre samanlagt), men det var moro å prøve noko nytt på
skøyter.
Noko sosialt vart det og tid til. Laurdag ettermiddag åt vi pizza på den
lokale pizzeriaen, og etterpå var alle på disco på Pers Hotell. Søndag
vart det tid til bading ved Tropicana på Pers Hotell. Alle kosa seg med
sklier, boblebad og bølgebasseng i nærmare tre timar.
|
  |
| Over til venstre:
Søstrene Kolobekken klare for 100 meter.
Over til høgre: Alle jente-rekruttane samla etter at dei har fått pokalar.
Under til venstre:
Heiagjengen fra Sør-Fron sette farge på arrangementet.
Over til høgre: Tre stolte
løpere fra Sør-Fron som sette personlege rekordar på 500 m(Camilla),400m og 500m(Ina Johanne),og 1000m (Aina)
|
  |
|
|
Kretsmesterskap (23.02.09)
Over 30 løparar frå 5 år og oppover deltok på kretsmesterskap på
Flatmoen søndag 22. februar. Snøveret ga seg laurdag, og vi fekk ein fin
dag med mildver og mange gode tider. Mange av løparane frå vår klubb
sette personlege rekordar.

|
|
Landsmesterskapet
på skøyter (16.02.09)
Anne Lise Bergum
var i år einaste
løparen frå
Sør-Fron IL som deltok under Landsmesterskapet som
vart arrangert på Furumo kunstisbane på Geithus 14. og 15.
februar.
Landsmesterskapet er regnet for uoffisielt NM for dei
aldersbestemte klassene 12-16 år. For å få
delta her er det bestemte tidskrav som løparane
må ha gått under i løpet av sesongen.
Anne Lise deltok
i den eldste klassa; klassa
jenter 16år. Åtte jenter var av Norges Skøyteforbund teke
ut for å konkurrere i denne klassa.
Hege Bøkko fra
Hol IL vann 500 meteren med tida
42.08. Her vart Anne Lise nr.5 med tida
48.50. På 1500 meteren fall Hege Bøkko, og
årets juniornorgesmester Hanne Haugland som går for Austevoll IK, gjekk
inn til seier på denne distansa med tida
2.17.85. Anne Lise enda også her på ein
5.plass med tida 2.33,40.
Søndagens
distanser 1000 og 3000 meter gjekk utan
Hege Bøkko og Hanne Haugland på startstreken. Mari Grøsland fra
arrangørklubben tok seg dermed av førsteplassane
på begge desse distansane
med tidene 1.33,32 og 5.11,32.
Anne Lise enda
på 4. plass på begge distansene med tidene
1.38,56 og 5.22,35.
Lørdag var det
strålande sol, men -18 grader om morgonen.
Søndag snødde det tett, noko som sette
banemannskapet på prøve, men det løste dei
veldig bra.
 |
|
Veteranstevne i Vikingskipet
(26.01.09)
Helga 24.-25. januar var
veteranstevnet "7th Masters' International" arrangert i Vikingskipet. Av
dei 124 påmeldte til løpet, var det tre frå Sør-Fron IL, Ingunn Sandø,
Sigbjørn og Svein Bruket. Løpet hadde deltakarar frå mange land, m.a.
Sverige, Italia, Tyskland og Sveits.
Resultata
frå løpet finn du her.
|
|
Kveldsløp (26.01.09)
26.
januar hadde vi i Sør-Fron IL med seks rekruttar og to frå 10 årsklassa
på kveldsløp i Vikingskipet. Dei som deltok var: Tuva Lien Dokk, Malin
Øverjordet, Camilla Haverstad, Hedda og Andrine Kolobekken, Jørgen og
Andreas Wangen, og Camilla Wangen Evjevik. Nedanfor finn du link til
resultata.
Sandefjordløpet (18.01.09)
Sør-Fron sine unge
skøyteløpere fortsett framgangen. Fire løparar
frå vår klubb starta
under Sandefjordløpet i Vikingskipet på Hamar lørdag 17. og søndag 18.
januar. Desse var Malin Øverjordet (personleg rekord
på 400 m), Ina Johanne Jansen Skogstad (personleg rekord på både 400 og
500 m), Camilla Wangen Evjevik (personleg rekord på 400 m), og Henrik
Aspen (personleg rekord på både 500 og 1000 m).
Det årlege
Sandefjordløpet er det løpet i sesongen som samlar
flest løparar i aldersbestemte klasser. Denne
gongen var det 371 påmeldte løparar.
Sjå tidane deira på "løparar" i
venstre margen på nettsida.

|
|
Hamarlekene (04.01.09)
Anne Lise og Tone
Mette Bergum, Svein Bruket og Ingunn Sandø deltok
på Hamarlekene
søndag 4.
januar . Lekene gjekk over to dagar,
men løparane våre deltok berre
søndag. Alle gjekk 500m og 1500m.
Fleire
resultat finn du her.
Kveldsløp (08.01.09)
Anne Lise Bergum og
Svein Bruket gjekk kveldsløp i Vikingskipet
torsdag 8. januar. Begge gjekk
500m og 3000m. Anne Lise sette ”norgespers”
på 500m med tiden 46,93. 3000meteren gjekk ho
på 5.14,62.
Svein fekk
desse tidene: 500m 45,31 og 3000m 5.07,04.
Krystallcupen (11.01.09)
Aina Kolobekken,
Camilla Wangen Evjevik og Malin Øverjordet gjorde det veldig bra under
Krystallcupen på Jevnaker Stadion lørdag 10.
januar. Alle tre sette
personlege rekordar.
Malin, som går i rekruttklassa, gjekk
100m og 400m og perset på begge distansane,
på 400m med heile 6 sekunder. Camilla,
som går i 10-års klassa
gjekk 400m og 500m og perset med to sekunder
på 400m og fire sekunder på 500m. Aina konkurrerer i klassa
jenter 11år, og ho gjekk
400m og 500m. Ho sette
personleg rekord på 400m med over eit
sekund. Flott jenter!
Fleire
resultat finn du her.

NC-6 (11.01.09)
I norgescupen på Hamar 10. og 11.
januar deltok Anne Lise Bergum i klassa
junior allround. Lørdag vart det gått 500m og
3000m, og søndag var det 1500m og 5000m som
sto på programmet. På 5000m satte ho ny
klubbrekord i klassen. 1500meteren og 3000meteren gjekk
og unna på tider som er det raskaste ho
har gått på på norsk is.
Tone Mette Bergum deltok i senior sprint og gjekk
dermed 500m og 1000m begge dagane.
Det var stor deltaking i
Vikingskipet med til saman 137 løparar.
Veteranmesterskapet (11.01.09)
Veteranløper Ingunn Sandø representerte Sør-Fron IL
i Veteranmesterskapet som gjekk i Fosenhallen
i Bjugn 10. og 11. januar.
|
|
Oscarløpet/NC5
(08.12.08)
For 50. gang gjekk
det tradisjonsrike Oscarløpet av stabelen på Valle Hovin 6. og 7.
desember. Løpet var og det femte norgescupløpet denne sesongen. Det var
jamne og fine førehald
som møtte dei 78 påmeldte løparane.
Det vart sett tre
nye banerekordar: Jan Friesinger på 1500m med
tida 1.54,92, Mari Hemmer på 3000m med tida
4.32,21 og Reidar Borgersen på 5000m med tida
6.55,69.
Sør-Fron IL var representert med to løparar,
Anne Lise og Tone Mette Bergum.
Her er tider og plasseringar:
Anne Lise Bergum: 500m(1): 48,18 (14), 1500m:
2.32,27 (8), 500m(2): 48,78 (8) og 3000m: 5.19,62 (4).
Tone Mette Bergum: 500m: 47,86 (6) og 1000m:
1.40,00 (5).
|
|
NORGESCUP PÅ SKØYTER
(01.12.08).
Anne Lise Bergum debuterte i NC samanheng
på skøyter under løpa på Hamar. Ho gjekk
500m på 47,36 som resulterte i ein 14. plass
i sprint junior klassen, og på 1000m enda ho
på ein 10. plass med tida
1.36,12. Dette var to sekund raskare enn ho
gjekk under kveldsløpet i Vikingskipet
tidligare i veka.
Ein lovande start
på sesongen.
Ingunn Sandø deltok også og oppnådde desse
resultata i klassa
for senior allround:
500m: 50,70 (8. pl,), 1500m: 2.36,98 (7. pl.),
1000m: 1.42,86 (6. pl.) og 3000m: 5.38,3 (7. pl)
Fleire
resultat finn du her. |
|
|
|
SAMLING PÅ FAGERHØY
(31.08.08)
25 store og små
tilknytta skøytegruppa hadde ei vellykka sosial treningssamling på
Fagerhøy siste helga i august. Vi padla, grilla, sykla, spelte fotball, spelte spel,
hadde konkurransar m.m. Dette freistar til gjentaking! Sjå
fleire bilder på
bildesida.
|
|
Sommerløpet i Vikingskipet
(10.08.08)
Rundt 200 løparar frå heile landet med landslaget i
spissen, pluss ein del nederlendere deltok under sommarløpet på Hamar
laurdag 9.august. Fra Sør-Fron IL deltok Tone Mette Bergum og Ingunn
Sandø.
Tone Mette fikk tida46,81 på 500-meter etter å ha
snubla i starten. Og 3000-meteren gjekk unna på 5.08,11.
Ingunn gikk 1000-meter på 1.40,85.

|
|
Skøyteavslutning
på Kommunehuset (16.04.08).
Sesongen vart avslutta på
Kommunehuset 2. april med underhaldning, loddsalg, bevertning, og
sjølvsagt premieutdeling til små og store. Sjå
bilde frå avslutninga på bildesida. |
Sterk
sesongavslutning av skøytejentene (17.03.08)
|
 |
 |
 |
 |
| Tone Mette:
3. plass samanlagt i Norgescupen og 2. plass i NST-Cup. Klubbrekordar
for seniorklassa på alle fire distansane i Calgary |
Sunniva
Klubbrekordar for Sør-
Fron IL på alle fire distansane i Calgary: 43,64 - 1,26,57 - 2,13,64 -
4,43,81 |
Karina: Solide personlege rekordar på alle fire distansane i Calgary.
Forbetra seg med fem sekund på 1000 m og femten sekund på 3000 m |
Anne Lise:
Klubbrekordar for 15-årsklassa på alle fire distansane i Calgary. Under
5 minutt på 3000 m for fyrste gong (4,59,04) |
Norske
veteranrekordar av Svein Bruket (17.03.08)
| Svein Bruket sette tre
uoffisielle norske veteranrekordar i klasse M65 under løpa i Calgary:
500 meter: 43,86, 1000 meter: 1,28,43 og 1500 meter: 2,13,97. Vi
gratulerer! |
|
Gode prestasjonar i
Calgary (15.03.08)
| Løparane frå Sør-Fron IL som
deltek under Olympic Oval Finale i Calgary denne veka, kan notere mange
solide personlege rekordar! Dette er ein drømmetur som har vore
eit fireårsmål for løparane i klubben. På 3000-meteren torsdag forbetra
Anne Lise, Karina, Sunniva og Tone Mette pers'ane sine med
frå seks til femten sekund. Også veteranane Sigbjørn og Svein
Bruket går fort på OL-isen i Calgary. Løpa blir avslutta med ein
ekstra 500 og 1000 meter i dag og i morgon.
Resultatside Tidene til Sør-Fron IL-løparane.
Sjå fleire bilder på
bildesida. |
 |
| Skøyteskulen hadde
karneval (18.02.08)
Måndag 18. februar hadde skøyteskulen
sitt årlege karneval. Det var over 50 utkledde ungar på isen denne
kvelden, blant anna skumle sjørøvarar, hekser, søte prinsesser,
Tingeling, raud-og blånissar, klovnar, Elvis, Pippi m.fl. Karnevalet vart
avslutta med kake, saft og pølser i kafeen. Til slutt vart det uttrekt ein gut og ei jente som fekk kvar sin premie.
Sjå fleire
bilder på bildesida. |
 |
LM i Asker, NC/SC på
Hamar og Gjøviksprinten
(17.02.08)
Malin Wangen Evjevik
(bildet) sikra seg sølvmedaljen på 500 meter i 12-årsklassa under LM i
Asker. Gratulerer! På 1000 og 1500 meter vart Malin nr. 5 av dei 14
jentene i klassa. Også Eirik Tidemandsen (G13), Marita
Kolobekken (J14) og Anne Lise Bergum (J15) presterte bra løp.
Resultat Asker.
I Vikingskipet deltok Karina Rundtom From, Sunniva Tofte, Tone Mette
Bergum og Ingunn Sandø under Norgescup / Scandinavian Cup
saman med løparar frå sju nasjonar.Tone Mette og Sunniva var begge
uheldige på 500 meter, men leverte solide løp på dei tre lengste
distansane. Sunniva vart nr. 3 på 3000 meter med ny pers på 4,53,40.
Resultat Hamar
Rekruttane Eline Almehagen og Ida Johanne Jansen Skogstad
gjekk fort på 100 og 300 meter under "Gjøviksprinten" på Gjøvik stadion.
Resultat |
 |
Ida Njåtun og Even
Johansen NM-vinnarar
(10.02.08)
Ida Njåtun, Asker SK, og
Even Johansen, Tynset IF vann NM-titlane i junior allround under
helgas meisterskap på Flatmoen. Frida van Megen, Rakkestad IF, og
Sverre Lunde Pedersen, Fana IL, tok sølv mens
bronsemedaljane gjekk til Rikke Jeppsson, Nesodden IF og
Jørgen Tønne, Spk Falken. Sør-Fron ILs Sunniva Tofte vart nr.11
samanlagt etter fire jamne og bra løp. Det vart sett fire nye meisterskapsrekordar
- alle i jenteklassa (500m, 1000m, 3000m og samanlagt).
Resultat
Sjå bildeserie i GD (fotograf: Einar Almehagen)
Her er eit glimt på
GDTV frå
Flatmoen under fyrste dag av NM |
 |
Skøyteskule på
Flatmoen
(10.02.08)
| Så langt i vinter er det
registrert heile 106 ungar på skøyteskulen på Flatmoen måndagskveldane.
Det er ny rekord og veldig gledeleg! Sjå reportasje om skøyteskulen på
GDTV
|
|
Vikingløpet i
Tønsberg og Norgescup på Gol
(03.02.08)
| Malin Wangen Evjevik og
Marita Kolobekken deltok i helga under Vikingløpet i Tønsberg. På
Gol var det norgescupløp der Sør-Fron IL var representert ved Tone
Mette Bergum. Resultat:
Vikingløpet Norgescup Dag 1
Dag 2 |
|
God innsats i
Sandefjordløpet!
(20.01.08)
|
Sør-Fron IL stilte
med 14 løparar under Sandefjordløpet i Vikingskipet i helga, og alle
viste gode innsats! Mange nye fine personlege rekordar vart sett.
Malin Wangen Evjevik kunne notere ny klubbrekord på 1000 meter i
12-årsklassa med 1,34,04, og Tone Mette Bergum senka sine eigne
klubbrekordar på 500 og 1000 meter i seniorklassa til 44,65 og 1,29,45.
Alle resultata er
her
Ådne Søndrål med løparar og trenarar frå Sør-Fron IL
► |
 |
Mange rekordar under
norgescupen på Hamar
(14.01.08)
| Det vart sett fleire norske
bestenoteringar i aldersbestemte klasser og heile 198 personlege
rekordar under norgescupløpa for senior og junior i Vikingskipet i
helga. Blant løparane frå Sør-Fron kunne Tone Mette Bergum og
Sunniva Tofte bokføre nye personlege rekordar på alle fire distansar i
allroundprogrammet. Sunnivas 44,34 på 500 meter og Tone Mettes 8,38,43
på 5000 meter er nye klubbrekordar for Sør-Fron IL. Ingunn
Sandø oppnådde ny norsk veteranbestetid på 1000 meter i klasse K45 med
tida 1,38,26.
Resultat |
 |
Startarkurs på
Flatmoen
(14.01.08)
| Norges Skøyteforbund
arrangerte kurs for nye startarar på Flatmoen nå i helga. Kurset var
også opent for startarar på nivå 3 som ønskte ei oppfrisking. To
representantar frå Stange Spk og fire frå Sør-Fron IL fekk gjennomgått
teori og regelverk av internasjonal startar Marcel Vanberg laurdag, og
søndag var det praktisk starttrening. -Eit vellykka kurs, var omkvedet
blant deltakarane. |
 |
Sprint-NM i Bjugn
(06.01.08)
| Sunniva Tofte
representerte Sør-Fron IL under sprint-NM i Bjugn denne helga. Sunniva
endte på 19. plass samanlagt i juniorklassa. Beste enkeltresultat kom på
500 meter 1. dag med 45,37 og 12. plass på distansen.
Komplette resultat |
|
Rekordras under Hamarlekene!
(17.12.07)
| Med fyrsteklasses forhold i
Vikingskipet vart det sett haugvis med rekordar under
Hamarlekene i helga. Blant Sør-Fron ILs løparar senka Malin Wangen
Evjevik klubbrekorden på 500 meter i klasse 12 år med eit heilt
sekund til 46,8. Ei flott tid! I tillegg deltok desse løparane,
og alle sette nye fine pers'ar: Camilla Wangen Evjevik,
Vibecke og Eirik Tidemandsen, Aina og Marita Kolobekken,
Andreas og Jørgen Wangen, Henrik og Kristoffer
Aspen. Anne Lise Bergum vart dessverre sjuk og måtte
bryte stemnet. Elles blir ein imponert over landsrekordane til Sverre
Lunde Pedersen frå Fana IL i 14-årsklassa med 38,7 og 1,15,7
på 500 og 1000 meter, og til Kjetil Stiansen frå Aktiv SK med
38,2 på 500 meter i 15-årsklassa!
Resultat |
|
Bra innsats i NM
(17.12.07)
| Tone Mette Bergum og
Sunniva Tofte gjorde sakene sine bra under NM allround i den nye
Fosenhallen i Bjugn i helga. Dei endte på 13. og 14. plass samanlagt (av
15), men opp til 10.plassen skilte berre 0,3 tidspoeng og til 9. plassen
1,2 tidspoeng. Sunniva tok ein oppløftande 6. plass på 500-meteren
laurdag. Bjugn-Ørland Skøyteklubb stod for eit kjempefint
NM-arrangement! Norske meistrar vart Håvard Bøkko og Mari Hemmer.
NM-resultata |
|
|
Skøyteskule og
klubbløp i gang!
(30.11.07)
| Både skøyteskulen og klubbløpa
kom i gang denne veka - under flotte forhold! Møt opp til skøyteskule
kvar måndagskveld kl 18.00 - 19.00 og til klubbløp kvar onsdagskveld kl
18.30 (påmelding kl 18.00). |
|
Norgescup i Oslo
(25.11.07)
| Tone Mette, Karina
og Sunniva leverte bra innsats under norgescupløpa på
Valle Hovin i helga. Stemnet gjaldt også som Oscarløpet og Knut
Johannesens Pokalløp, og vart arrangert av Oslo Skøiteklub og Aktiv
Skøyteklubb i fellesskap. Alle resultat og stillinga i Norgescupen på
NSF's
norgescupsider |
|
Istrening i kveld!
(15.11.07)
| I kveld kunne
løparane ta i bruk skøyteisen på Flatmoen! Banemannskapet med Geir
Tidemandsen i spissen har utnytta godt dei siste døgna med
kuldegrader og kunne by på bra treningsis til glede for dei aktive og
trenarane. |
ANNONSE
Er det skøyteutstyr du ønskjer å kjøpe eller selja? Prøv
oppslagstavla i kaféen på Flatmoen eller annonse på websida.
E-post:
laengenlene@hotmail.com
|
Intervju med Sunniva
(15.11.07)
| Sunniva
Tofte (17) er elev ved Vinstra vidaregåande skule, der ho går i 2.
klasse studiespesialisering allmennfag. Ho har vorte intervjua om
skøyter av mediaelevar ved skulen.
Her er intervjuet |

|
|
Ny norgescup i Vikingskipet
(09.11.07)
Denne helga er det klart for nye
norgescupløp (NC3) i Vikingskipet, med Eidsvold TF som arrangør. Stemnet
inngår også i Scandinavian Cup, og det stiller mange svenske og finske
løparar på startstreken. I alt 62 kvinner og 101 menn skal delta. Sør-Fron IL
er representert med Karina og Sunniva i juniorklassa
samt Tone Mette og Ingunn i senior. Startlister,
resultat, m.m. på
NSF's
norgescupsider
Resultat dag 1
Resultat dag 2 |
Sør-Fron kommunes
kulturpris til Olav Wangen
(11.11.07)
|
Sør-Fron kommunes
kulturpris for 2007 er tildelt Olav Wangen for hans mangeårige innsats
for idretten i Sør-Fron. Arbeidet som Olav har lagt ned har sett spor
etter seg, både når det gjeld skøytesporten i bygda og anlegget på Flatmoen.
Tidlegare var han også aktiv i fotballgruppa. Olav er
æresmedlem i Sør-Fron Idrettslag og i skøytegruppa. Ein særdeles
fortent pris! Vi gratulerer!
Les om tildelinga
i GD
|
 |
Fyrste kveldsløpet i
Vikingskipet (09.11.06)
| Eline Almehagen, Ina Jansen
Skogstad, Vibecke Tidemandsen, Christian Vangen, Malin Wangen Evjevik ogKristoffer Aspen deltok i det fyrste kveldsløpet
for sesongen i Vikingskipet tysdag kveld (06.11.07).
Resultat |
|
Testløp Inzell
(20.10.07)
| Løparar frå Sør-Fron
IL har trena i Inzell denne veka. Treningssamlinga vart avslutta
i kveld med testløp saman med aktive frå Tyskland, Nederland og Kazakstan.
Resultata er
her |
|
Trening for dei
yngste i Vikingskipet
(10.10.07)
|
 |
Ein ivrig gjeng med
unge skøyteløparar frå Sør-Fron reiste nedover til Hamar for å trene i
Vikingskipet i efta!
Denne gruppa er i alderen 8 - 12 år, og desse ungane har vore trufaste
på rulleskøyte-banen på Flatmoen nå etter sommarferien. Stå på vidare! |
Tone Mette til NM
(10.10.07)
|
Tone Mette Bergum er tatt
ut til NM enkeltdistansar i Vikingskipet komande helg. Ho skal der gå
3000 meter. Vi ønskjer Tone Mette lykke til!
Link til
NM-resultat |
|
Norsk bestenotering
av Ingunn
(10.10.07)
| Ingunn Sandø
sette ny norsk bestenotering i veteranklasse K45 under norgescupløpa i
Vikingskipet sist helg. Det skjedde på 1000 meter med tida 1,39,19.
Gratulerer! |
|
Norgescupen i gang
(07.10.07)
| Denne helga er det klart for
opning av Norgescupen sesongen 2007/2008. Sør-Fron IL er representert
med Tone Mette Bergum og Ingunn Sandø i senior, samt
Karina Rundtom From og Sunniva Tofte i junior. Resultat og
alt om løpa på Hamar under NSFs
NC-meny
|
|
Resultat frå "Odalsskøyta"
(01.10.07)
| Sør-Fron IL stilte med i alt 14
løparar under "Odalsskøyta" i Vikingskipet i går. Resultata frå løpet
finn du her |
|
Istrening på Gjøvik,
Hamar og i Inzell (16.09.07)
Skøytesesongen 2007/2008 nærmar
seg. For å få istrening når det ikkje er is i Vikingskipet, er Gjøvik
Fjellhall bestilt laurdagane 22. september, 24. november og 8. desember
(alle dagar kl 12.00 - 14.00). Det er lagt opp til istrening i
Vikingskipet laurdag 29. september, og dagen etter er det klart for "Odalsskøyta".
Utover i veke 40 (=haustferien) vil det bli fleire treningsdagar på
Hamar; løparar og trenarar avtaler tidspunkt.
I veke 42 (15. - 21. oktober) er det klart for ei ny samling i Inzell,
dit dei eldste løparane i klubben reiser, saman med trenarar og ein del
foreldre pluss andre skøyteinteresserte. |
| |
 |
 |
Resultat frå
"Sommerløpet" i Vikingskipet (12.08.07)
| I alt 230 deltakarar stilte til
start i Hamar ILs sommarløp i Vikingskipet i går, deriblant toppnamn som
Marianne Timmer, Kip Carpenter og Jan Friesinger. For
Sør-Fron IL konkurrerte Tone Mette og Anne Lise Bergum,
Sunniva Tofte og Ingunn Sandø. Resultata er
her |
|
Stor stemning på
skøyteavslutninga! (31.03.07)
 |
|
Det var stor stemning
blant dei mange unge skøyteløparane som hadde funne vegen til
klubbavslutninga på Kommunehuset onsdag kveld. Alle fekk velfortente
premiar for deltaking på skøyteskule og klubbløp. Eirik
Tidemandsen (12) vart kåra til "Årets løpar" for god treningsiver og
fin framgang. Trenarar og aktivitetsleiarar på skøyteskulen fekk
blomster som takk for innsatsen dei gjer med dei aktive. Skøyterekrutten
Robert Aanekre (8) underheldt forsamlinga med musikalske innslag på
keyboard. Fleire bilde på Bildeside |
Adelskalender og "Ti-på-topp"
menn og kvinner (31.03.07)
| Klubbstatistikken for Sør-Fron IL
er nå oppdatert etter 2006/2007-sesongen.. Adelskalender, med dei ti
beste i alle årsklasser sidan 1970-talet, ligg
her. Dessutan:
10 på topp kvinner
10 på topp menn Fullstendig
klubbstatistikk er å få kjøpt for kr 25,- + evt. porto frå
skøytegruppa. Å få kjøpt er også
ein statistikk over Sør-Fron-løparar som har delteke i LM og
representert Noreg i jente- og gutelandskampar. |
|
Sesongavslutning på
Valle Hovin (11.03.07)
 |
Mange av dei yngste
løparane i klubben avslutta sesongen med deltaking i "Siste Indre" på
Valle Hovin i helga. Forholda var ikkje dei aller beste, men ingen kunne
klage på innsatsen til løparane! Artig var det at også seks danske
løparar deltok, frå København-klubben HLF72.
Resultat
På bildet til venstre ser vi to
blide Sør-Fron-jenter: Ina Johanne Jansen Skogstad og Aina
Kolobekken. Bildet til høgre viser rekrutt Jørgen Wangen som
spent ventar på smellet frå startpistolen! |
 |
Flott innsats i
Heerenveen! (10.03.07)
 |
Malin gjekk fire jamne og
gode 500 metrar i Heerenveen der det skilte berre 51 hundredelar mellom
den beste og dårlegaste. Det er bra stabilitet! Den beste 500 meteren
gav personleg rekord med 49,58. Ho endte til slutt på ein fin 14. plass
av dei 24 løparane i klasse 11 år, og ho vart beste nordiske løpar.
Flott innsats, Malin! Noreg fekk tre klassesigrar i Viking Race gjennom
Sverre Lunde Pedersen, Fana IL, i G13, Kjetil Stiansen,
Aktiv SK, i G14 og Fredrik van der Horst, Tønsberg Turn, i G16.
Resultata er på sidene til
STC Rutten |
 |
Sluttstillinga i
Norgescupen 2006/2007 (10.03.07)
| Sluttstillinga i Norgescupen
2006/2007 er nå klar. I seniorklassa endte Tone Mette Bergum på
8. plass av i alt 21 kvinner som har deltatt i løpet av sesongen.
Ingunn Sandø fekk 18. plass. I juniorklassa har det deltatt 51
jenter, og her vart Sunniva Tofte nr. 14, Karina Rundtom From
nr. 25 og Ida Fossehagen nr. 32.
Sluttstilling senior
Sluttstilling junior |
|
Malin i Heerenveen og
mange på Valle Hovin (08.03.07)
 |
Malin Wangen
Evjevik er med i den norske troppen som skal
delta i Viking Race i Heerenveen nå i helga. Løpa går fredag 9. og
laurdag 10. mars. Du kan følgje løpa på nettsida til arrangøren
STC Rutten |
 |
I alt 11 av dei yngste i klubben
tek turen til Oslo i helga for å vera med i "Siste Indre". Dette
blir avslutninga på skøytesesongen. Startlister og resultat på sidene
til Oslo
Skøiteklub |
Mange personlege
rekordar på tampen av sesongen (08.03.07)
| Mange av løparane i klubben har
sett personlege rekordar på tampen av sesongen. Under kveldsløpa sist
veke gjekk Malin 1500 meter på 2,35,0, ei tid som er kretsrekord
for Oppland i 11-årsklassa. Tone Mette forbetra pers'ane og
dermed klubbrekordane i senior på 500 og 3000 meter til 45,0 og 5,00,7,
mens Anne Lise gjekk 500 meter på 48,7. Under finalen i
Norgescupen vart det ny bestenotering på Tone Mette på 1000 meter
med 1,31,35 og på Sunniva på 1000 (1,33,59), 1500 (2,25,65) og på
3000 (5,05,88). Også mange av dei yngste sette pers'ar i det siste
kveldsløpet for sesongen i Vikingskipet. |
|
Finale i Norgescupen
/ Scandinavian Cup (07.03.07)
| Det var god deltaking både i
junior- og seniorklassene under finalen i Norgescupen i Vikingskipet
sist helg. Stemnet gjaldt også som finale i Scandinavian Cup, og mange
svenske løparar hadde av den grunn funne vegen til Hamar. Sør-Fron
IL var representert med Ida, Karina, Sunniva,
Tone Mette og Ingunn.
Resultat |
|
Softis under
Vårløpet... (04.03.07)
| På grunn av dei mange
plussgradene vart det etter kvart skikkeleg softis under Vårløpet på
Flatmoen i dag... . Særleg dei største løparane fekk store vanskar med å
gjennomføre distansane, og tidene vart sjølvsagt deretter.
Resultat |
|
Veteran-VM i Canada
(01.03.07)
| Sør-Fron ILs
Ingunn Sandø og Tom-Stener Brenden var deltakarar under "16th Masters
International Speed Skating Games" i Calgary 22. - 25. februar. Dette er eit uoffisielt VM
for veteranløparar. Sør-Frons tidlegare trenar Erik Vea gjekk
heilt til topps på 500 og 3000 meter i si klasse. Resultat og meir om
løpa finn du
her |
|
Vikingløpet og
Norgescupen (20.02.07)
|
 |
Malin Wangen Evjevik vann
ein flott 2. premie samanlagt i 11-årsklassa under Vikingløpet i
Tønsberg med siger på 500 meter andre dag som høgdepunkt. Dette
betyr at Malin er kvalifisert for Viking Race i Heerenveen 9. og 10.
mars. Gratulerer!
Resultat Vikingløpet Under Norgescupen på Savalen kunne
Sunniva Tofte notere nye personlege bestetider utandørs på 500 og
1000 meter, noko som gav 2. og 3. plass på dei to distansane i
juniorklassa. På 100 meter vart det 1. plass.
Resultat Savalen |
| Malin Wangen
Evjevik (t.v) på pallen i Tønsberg saman med vinnaren i 11-årsklassa
Ellen Bjertnes, Geithus IL og 3. premievinnaren Rannei Skaali,
Arendal SK |
|
Styret i skøytegruppa
2007 (17.02.07)
| På årsmøtet i skøytegruppa sist
veke vart følgjande personar valt til styre for 2007: Tormod Tofte
(leiar), Sigrid Bergum (leiar arrangement), Kjell Erik Vangen
(leiar sport), Geir Tidemandsen (leiar bane), Kjersti
Stenseng (leiar økonomi, ny), Astri Sivertsen (kasserar,
ny), Lene Kolobekken (sekretær, ny) |
|
LM i Tromsø og
Gjøviksprinten
(13.02.07)
| Resultat frå sist
helg:
Landsmesterskapet for klassene 12 - 16 år i Tromsø og
Gjøviksprinten
på Gjøvik stadion |
 |
 |
 |
| Sunniva, Karina og
Ida saman med LM-maskoten "Selma" på banen i Tromsø
|
LM-troppen 2007:
(F.v.): Karina Rundtom From, Sunniva Tofte, Ida Fossehagen, Anne Lise
Bergum, Marita Kolobekken. (Bak): trenarane Jan Stebergløkken og Svein
Bruket
|
Sør-Fron-løparar i
Gjøviksprinten: (1.r.f.v.): Camilla Wangen Evjevik, Jørgen Wangen, Ina
Johanne Jansen Skogstad (2.r.f.v.): Christian Skarpnord Vangen, Aina
Kolobekken, Vibecke Tidemandsen, Andreas Wangen (3.r.f.v.): Malin Wangen
Evjevik, Eirik Tidemandsen
|
3. plass til Malin i
Sandefjordløpet (04.02.07)
| Malin Wangen Evjevik endte
på ein flott 3. plass under Sandefjordløpet i Vikingskipet i helga,
etter nok ein gong å ha sett nye klubbrekordar for 11-årsklassa. Dei
andre Sør-Fron - løparane leverte også gode prestasjonar, og mange kunne
notere nye pers'ar. Det vart sett i alt 700 (!) personlege rekordar
under Sandefjordløpet, som er norsk skøytesports største massemønstring
med i år nesten 500 deltakarar totalt.
Resultat |
|
 |
|
Sør-Fron-løparane
Henrik Aspen, Christian Skarpnord Vangen og Eirik Tidemandsen
fekk premiane sine av ikkje ukjente Ådne Søndrål
|
Nye klubbrekordar av
Malin (23.01.07)
| Malin Wangen
Evjevik sette nye klubbrekordar for 11-årsklassa både på 500 og 1000
meter under kveldsløpet i Vikingskipet i går kveld. Tidene vart 50,5 og
1,43,3. Gratulerer, Malin! |
 |
|
"Vårløpet" på
Flatmoen søndag 4. mars (23.01.07)
| Sør-Fron IL / skøytegruppa har
søkt Norges Skøyteforbund om å få arrangere nasjonalt løp på Flatmoen
søndag 4. mars. Stemnet får namnet "Vårløpet". Med sol og fint
vêr bør det bli topp forhold på naturisen vår denne dagen! Påmelding
innan måndag 26. februar. Sjå
løpsinvitasjon |
|
Korrigert
resultatliste (16.01.07)
| På grunn av ein feil i klasse
Gutar junior C i den opprinnelege resultatlista frå løpet laurdag,
ligg det nå ei ny korrigert liste ute på nettet
her og hos NSF. Vi beklagar! |
|
Nasjonalt løp på
Flatmoen (13.01.07)
| Resultat frå det
nasjonale løpet på Flatmoen i dag finn du
her. Det deltok i alt 61 løparar frå Arendal,
Eidsvoll, Stange, Elverum, Brumunddal, Gjøvik, Skreia og Sør-Fron.
Løparane leverte gode prestasjonar under bra forhold. Vi takkar alle
funksjonærane både frå SSK Toten og skøytegruppa i Sør-Fron IL for godt
samarbeid i gjennomføringa av arrangementet! |
|
"Hamarlekene" og NM
allround på Geithus (17.12.06)
| Sør-Fron IL stilte med i alt 13 løparar under "Hamarlekene" i Vikingskipet nå i helga.
Trass i lite istrening sette fleire av løparane personlege rekordar.
Malin Wangen Evjevik fekk ein flott 4. plass samanlagt i
11-årsklassa. Sunniva Tofte gjekk 500m på 45,64 - noko som er ny
klubbrekord på distansen i klasse 16 år. Alle resultata frå Vikingskipet
finn du
her.
Tone Mette
Bergum var tatt ut til NM allround senior på Geithus i helga, men
måtte
dessverre melde forfall på grunn av sjukdom.
|
|
 |
 |
| Malin Wangen Evjevik
(ytre bane) klar til start på dagens 500 meter - eit løp som gav ny
personleg rekord med 52,38. Makker er Camilla Schjøtt Hannevig frå Fana
IL |
Christian Skarpnord Vangen (10) (t.v)
og Eirik Tidemandsen (12 ) (t.h.) er to av dei ivrige unge løparane i
klubben nå. Stå på, karar! |
"Advent Cup"
avlyst (03.12.06)
 |
Vi beklagar å måtte
melde at vi må avlyse "Advent Cup" komande laurdag på grunn av
mildvêret. Vi håper å kunne arrangere eit nasjonalt løp seinare i
vinter, kanskje laurdag 3. mars 2007.
Sør-Fron IL / skøytegruppa |
|
"Oscarløpet" /
Norgescup på Valle Hovin (26.11.06)
| Oslo Skøiteklub arrangerte i
helga "Oscarløpet" / Norgescup (NC4) på Valle Hovin. Deltakinga var god,
med blant anna nokre av landslagsløparane i klassene både for kvinner og
menn. For Sør-Fron IL deltok Tone Mette Bergum, Ida Fossehagen,
Karina Rundtom From og Sunniva Tofte. Beste resultata
kom på 500 meter søndag med 5.og 9. plass i juniorklassa til Sunniva og
Karina. Sunnivas 5. plass gav også premie i norgescupen. Resultat på
NSF's
norgescupsider |
|
Skøyteløp på Savalen
att (19.11.06)
| Denne helga opna
kunstisbana på Savalen att, etter fleire år i dvale. Vi stilte med fem
løparar i gjenopningsstemnet (....dei gjekk berre 1.dag): Christian
S. Vangen ( kl 10 år), Malin Wangen Evjevik (kl 11 år),
Eirik Tidemandsen (12 år), Anne Lise Bergum (jr C) og Tone
Mette Bergum (senior). Malin og Anne Lise sette personlege rekordar
på respektive 500 og 1000 meter, og også dei andre tre leverte bra løp.
Resultat |
|
Også dei yngste er i
gang... (09.11.06)
|
 |
| Også rekruttane i
klubben har vore i gang med skøytetrening ei tid nå. Her er nokre av dei
avbilda i gymsalen på Midtbygda skule sist måndag kveld. Trenarar for
desse yngste er Monica Wangen og Ane Lund Ringen
|
|
|
Flatmoen i kveld..... (02.11.06)
 |
 |
 |
| Fotografen tok seg
ein tur til Flatmoen i kveld......: I det nye treningsrommet vårt var
løparane Eirik Tidemandsen (12) og Malin Wangen Evjevik
(12)i sving på ergometersykkel, Ida Fossehagen og dei andre
juniorløparane løfta vekter, mens Geir Tidemandsen var godt i
gang med islegging av bana med muntert selskap i bilen av Vibecke
og Synne! Geir kunne fortelja at banefolket på grunn av
kuldegradene hadde allereie kjørt på 50 tankar vatn. Vi håper vinteren
er komen for å bli! |
Norgescup på Hamar
i helga (22.10.06)
| Vi hadde med fire løparar under
norgescupløpa (NC2) i Vikingskipet i helga: Ida, Karina og
Sunniva i juniorklassa og Tone Mette i senior. Alle gjekk
sprint firkamp. På 500m laurdag gjekk Tone Mette og Sunniva i par, og
begge sette pers' med same tid: 45,77. Sunniva kunne også bokføre ny
bestenotering på 1000m med 1,34,63. Tone Mette var like bak sin pers'
med tida 1,33,09. Alle resultata på
NSF's
norgescupsider |
|
Utbytterik samling i
Inzell (08.10.06)
| Sør-Fron ILs løparar i klassene
junior B og junior C kom i dag heim frå ei vekes treningssamling i
Inzell. Turen gav svært godt utbytte med to økter istrening under flotte
forhold kvar dag. Totalt kom løparane opp i omlag 25 timar trening i
løpet av veka. I tillegg til treninga vart det også tid til utflukter,
fotballkampar mot trenarane og foreldra, samt mye anna
moro...!. Fleire bilde frå samlinga ligg på
Bildeside |
|
 |
 |
| Sør-Fron ILs tropp i
Inzell: (F.v.): Svein Bruket, Marita Kolobekken, Karina Rundtom From,
Ida Fossehagen, Anne Lise Bergum, Sunniva Tofte, Jan P Stebergløkken
(I tillegg deltok også veteranløparen Ingunn Sandø.) |
For 13 år gamle Marita
Kolobekken var det fyrste turen til Inzell. Her fotografert under ei
av øktene på den berømte Eisstadion i den tyske skøytemetropolen. |
Nye pers'ar av Malin,
Ida og Eirik (08.10.06)
| Malin Wangen Evjevik (11),
Ida Scheie (11) og Eirik Tidemandsen (12) sette alle nye
personlege rekordar på 500 og 1000 meter da "Odalsskøyta" markerte
starten på skøytesesongen i går. I Vikingskipet fekk Malin tidene 52,9
og 1,47,0, Ida 1,03,8 og 2,13,2 og Eirik 56,5 og 1,56,6. Malins tider
heldt til 3. plass på begge distansane i 11-årsklassa.
Resultat |
|
Solid sesongopning av
Tone Mette (08.10.06)
| Tone Mette Bergum stod for
ei solid sesongopning med 46,35 på 500m og 2,23,29 på 1500m under det
fyrste norgescupløpet (NC1) i Vikingskipet i helga. Tidene gav 11. plass i
seniorklassa på begge distansane.
Resultat |
|
Inspirerande møte med
Maren! (09.08.06)
|

|
 |
|
-Tren allsidig, ha det gøy, lær deg
til å vere tålmodig og kunne takle motgang av og til, var bodskapen til
landslagsløpar Maren Haugli da ho møtte dei aktive utøvarane i Sør-Fron
IL på Flatmoen i går kveld. Dette vart eit inspirerande møte
for alle løparane i klubben! Maren begynte med å gi kvar enkelt kyndig
rettleiing i riktig teknikk på rulleskøytebanen, og deretter snakka ho
litt om motivasjon, trening og sin eigen skøytekarriere så langt for ei
lydhør forsamling av løparar, trenarar og foreldre i kaféen. Vi takkar Maren for besøket og
ønskjer lykke til med komande sesong! |
Planlagte samlingar
utover sommaren og hausten (12.07.06)
| Følgjande samlingar er planlagt
utover sommaren og hausten: 1) Klubbkveld med landslagsløpar Maren Haugli
(bildet)
på Flatmoen, tidleg august - dato enno ikkje bestemt. 2) Istrening i
Gjøvik Fjellhall, laurdag 16/9. 3) Samling på Savalen, 23/9 -
24/9. 4) Tur til Inzell for løparar over 13 år, 1/10 - 8/10. 5)
Istrening i Vikingskipet, datoar enno ikkje bestemt (Isperiodar i
Vikingskipet: 29/9 - 22/10, 1/11 - 12/11, 15/12 - 8/2, 22/2 - 4/3) |
 |
Ny klubbdress for
Sør-Fron IL (10.07.06)
| Den nye klubbdressen til
Sør-Fron IL er like rundt hjørnet. Beskjed om henting, betaling, etc
blir gitt pr. telefon eller e-post. Etter vedtak i styret i skøytegruppa
sponsar gruppa dressen for aktive og trenarar slik at den billegaste
varianten blir kostande kr 200,- og den dyraste kr 350,-. I tillegg har
Sør-Fron IL frå før sponsa alle dei ca 230 dressane som til nå er
bestilt totalt i laget. |
|
Jan Peter
Stebergløkken æresmedlem i skøytegruppa (01.04.06)
| Jan Peter Stebergløkken
vart utnemnt til æresmedlem i skøytegruppa under sesongavslutninga på
Kommunehuset i går kveld. Jan Peter har vore med samanhengande i
skøytemiljøet i Sør-Fron sidan 1978, og han har gjort ein kjempeinnsats
som aktiv løpar, trenar, administrator og dugnadshjelp. Vi gratulerer!
Marita Kolobekken (12) vart kåra til "Årets løpar" i klubben for
sesongen 2005/2006, og ho fekk også ei påskjønning for LM-bronsen sin.
Malin Wangen Evjevik (10) og Tone Mette Bergum (senior)
fekk premie for å ha sett klubbrekordar, og alle dei andre løparane i
klubben fekk også sine velfortente sesongpremiar. Fleire bilde på
bildeside |
|
Sesongavslutning i
Oslo (15.03.06)
 |
Ein del av dei yngste
løparane deltok under "Siste Indre" på Valle Hovin i helga som var. Alle
leverte flott innsats i dette siste løpet for sesongen.
Resultat
Bildet til venstre viser Eirik Tidemandsen, som sette
utepers' på 1000 meter. Til høgre ser vi Camilla Wangen Evjevik i par
med Inga Anne Vasaasen frå Stange Spk under
400-meteren i rekruttklassa. Sjå også
Bildeside
|
 |
Veteran-VM og
Norgescup (05.03.06)
| Ingunn Sandø og
Tom-Stener Brenden deltok denne helga i det uoffisielle VM for
veteranar i Helsinki. Ingunn slo sin tyske konkurrent og vann si
klasse mens Tom-Stener endte på 15. plass. Tidlegeare klubbtrenar
Erik Vea gjekk heilt til topps i ei klasse med 30 løparar frå
mange nasjonar!
Resultat Tone Mette Bergum
deltok under norgescupløpa på Valle Hovin og gjekk der ein god 1000
meter på 1,36,44.
Resultat |
Vinterferieløp i
Hallingdalen (27.02.06)
 |
 |
| Mange av løparane
våre deltok under "Hallingdalskarusellen" denne fyrste helga i
vinterferien - med løp på Gol laurdag og på Hol søndag.
Bilda viser rekruttane Ane Odlolien, Camilla Wangen Evjevik, Aina
Kolobekken og Kine Merethe Granheim med premiane sine frå
Gol, og løp i ei flott ramme på Hol stadion - kanskje Noregs
aller vakraste skøytebane...?
Resultat Gol
Resultat Hol |
KM på Flatmoen og NC
i Kongsvinger (12.02.06)
.jpg) |
|
| KM-løparane frå
Gjøvik SK, SSK Toten og Sør-Fron IL samla på skøyteisen etter endt dyst.
|
| Det var sol og fine forhold på
Flatmoen da løparar frå Gjøvik SK, SSK Toten og Sør-Fron IL møttest for
å konkurrere om KM-titlane i dag.
Resultat
I Kongsvinger deltok Tone
Mette Bergum under norgescupløpa der i helga.
1. dag
2. dag |
Bronsemedalje til
Marita i LM! (05.02.06)
 |
 |
|
|
Dei tre beste jentene i
12-årsklassa: Victoria Løvstad, Kongsvinger IL (gull), Lina Rognstad,
Eidsvold TF (sølv) og Marita Kolobekken, Sør-Fron IL (bronse). Her
fotografert etter 500 meter, der Marita vart nummer to. |
|
Marita
Kolobekken sikra seg bronsemedaljen i 12-årsklassa under
Landsmesterskapet i Vikingskipet i helga. Ho la grunnlaget for medaljen
med ein sterk 2. plass på 500 meter med tida 50,06. Ein flott
prestasjon; gratulerer Marita! Også dei andre fire
LM-deltakarane frå Sør-Fron, Anne Lise Berum, Ida Fossehagen, Karina
Rundtom From og Sunniva Tofte, leverte fleire
bra løp. Resultat og anna LM-stoff på arrangøren Sand IF sine
LM-sider. |
Norgescup og
Veteranmesterskapet (29.01.06)
| Tone Mette Bergum sette ny
klubbrekord på 5000 meter med tida 8,57,76 under Norgescupen i
Vikingskipet i helga.
Resultat 1. dag Resultat
2. dag I Oslo deltok Sør- Fron ILs Ingunn Sandø og
Tom-Stener Brenden i Veteranmesterskapet.
Resultat |
LM-uttak (24.01.06)
| Norges Skøyteforbund har tatt ut
Marita Kolobekken (kl. 12 år), Anne Lise Bergum (kl. 13
år), Ida Fossehagen (kl. 15 år), Karina Rundtom From (kl.
15 år) og Sunniva Tofte (kl. 15 år) til Landsmesterskapet på
Hamar helga 4. og 5. februar. Arrangør er Sand IF.
NSFs
uttak |
|
Rekordras i
Vikingskipet! (24.01.06)
| Det vart sett ikkje
mindre enn 15 landsrekordar og 744 personlege rekordar under
Sandefjordløpet i Vikingskipet i helga! Heile 410 løparar frå 48 klubbar
deltok; dette til saman bevis for at norsk skøytesport er i framgang
også i dei aldersbestemte klassene.
Resultat 1.dag
2. dag
Av dei 13 løparane
Sør-Fron IL stilte med i Vikingskipet i helga var det tre søskenpar og
ein søskenkvartett! På bildet Camilla og Malin Wangen Evjevik, Aina og
Marita Kolobekken og Karianne, Sigurd, Ida og Mina Scheie (Ikkje på
bildet: Anne Lise og Tone Mette Bergum) |
 |
Mange pers'ar på
EM-isen (11.01.06)
| Mange kunne notere nye personlege
rekorder på den EM-klare isen under kveldsløpet i Vikingskipet i går. På
500 meter vart det nye pers'ar på Tone Mette Bergum (45,8
- med ødelagt klappfjær!), Sunniva Tofte (46,5) og
Karina Rundtom From (48,2). På 1000 meter: Tone Mette
(1,32,5), Karina (1,37,1), Sunniva (1,37,5), Ida
Fossehagen (1,41,8) og Ingunn Sandø (1,38,6). Verdt å
nemne er også tidene til veteranane Bjørnar Rundsveen
(44,8 og 1,28,4) og Svein Bruket (1,30,0).
Resultat |
Mjøscupen og
Veteranløpet denne helga (08.01.06)
| Sør-Fron IL deltok med ein tropp
på 13 løparar under Mjøscupen på Skreia i dag. Alle gjorde ein flott
innsats og kunne reise heim med velfortente premiar!
Resultat
Bildet:
(Framme f.v.): Vibecke Tidemandsen, Aina
Kolobekken, Eirik Tidemandsen, Andreas Wangen, Ida Scheie, Camilla
Wangen Evjevik. (Bak f.v.): Malin Wangen Evjevik, Karina Rundtom
From, Ida Fossehagen, Sunniva Tofte, Mina Scheie, Anne Lise Bergum,
Marita Kolobekken.
I Vikingskipet deltok Ingunn
Sandø, Svein Bruket, Bjørnar Rundsveen og Tom-Stener Brenden under
Veteranløpet i helga.
Resultat
|
 |
Norgescup /
Scandinavian Cup i Vikingskipet (29.12.05)
| Sør-Fron IL stilte med fem
løparar under norgescupløpa i Vikingskipet 4. og 5. dag jul. Tone
Mette Bergum og Ingunn Sandø deltok i senior, medan Ida
Fossehagen, Karina Rundtom From og Sunniva Tofte debuterte i
juniorklassa.
I alt ca 170 løparar deltok, deriblant mange svenske og to danske.
Resultat 1. dag
Resultat
2. dag
Bildet: Ida Fossehagen mot mål på 1500 meter |
.jpg) |
Nye bilde på
bildesida! (29.12.05)
| Det er nå lagt ut nokre nye bilde
på Bildeside frå Inzell, Advent Cup og
Norgescup / Scandinavian Cup |
SSK Toten imponerte i
Advent Cup (17.12.05)
|

|
SSK Toten stilte med
fem løparar under Advent Cup på Flatmoen i dag, og alle fem reiste heim
med 1. premie i klassene sine. Vi gratulerer Stine Sagen Johansen,
Amund G. Skoglund, Amanda S. Kjelstad, Amund Farås og Lea Aass!
Løpet gjekk i eit forferdeleg snøvêr, med sterk vind, men isforholda var
gode.
RESULTAT |
|
| |
 |
|
| |
Camilla Wangen
Evjevik, Vibecke og Eirik Tdemandsen, Leif Trygve og Robert Aanekre,
Mina, Ida, Sigurd og Karianne Scheie og Marita Kolobekken gjekk alle
flotte løp under Advent Cup i dag! |
|
370 personlege
rekordar i Vikingskipet (15.12.05)
| Det vart sett ikkje mindre enn
370 personlege rekordar under "Odalsskøyta i Vikingskipet sist laurdag.
Alle sju løparane som deltok frå Sør-Fron IL
kunne bokføre nye bestenoteringar. Resultata frå
løpet er
her |
Is på Flatmoen og løp i sikte... (04.12.05)
| Isen på Flamoen er nå klar til bruk, og skøyteskulen samt
istrening for alle grupper begynner i morgon kveld (5/12). Fyrstkomande laurdag (10/12) er
det klart for løpet Odalsskøyta i Vikingskipet, og laurdagen etterpå (17/12)
er det Advent Cup heime på Flatmoen. Kontakt trenarane for påmelding på løp! |
Oscarløpet/Norgescup på Valle Hovin (04.12.05)

|
| Tone Mette oppnådde følgjande tider og plasseringar
under Oscarløpet / Norgescup på Valle Hovin i helga: 500m: 48,51(9), 3000m:5,23,60(7),
100m: 12,64(4) og 1500m: 2,41,26(6). Resultat |
Norgescup på Geithus (21.11.05)
| Norgescupløpa som skulle ha gått på Marienlyst nå i helga vart
flytta til Geithus pga ein teknisk feil ved anlegget i Drammen. Tone Mette deltok
på 100, 500, 1500 og 3000 meter. Resultat 1. dag
Resultat 2.
dag |
Tone Mettes NM-debut (22.10.05)
| Tone Mette Bergum debuterte i senior-NM i dag med ein 21.
plass på 500 meter enkeltdistansar (tid: 46,86). Tone Mette er den fyrste
sør-fronsløparen på tolv år som har deltatt i eit senior-NM, og den aller fyrste
jenta. Siste NM-deltaking var ved Rune Falkenhaug og Jan Stebergløkken i 1993. Her kan du finne helgas NM
på Hamar |
Mange pers'ar i sesongstarten (16.10.05)
Til Inzell også i år (11.09.05)
| Sør-Fron IL arrangerer tur til Inzell også i år. Fem løparar,
to trenarar og fire andre reiser nedover 23. oktober, med retur 30. oktober. Som i fjor
går turen med fly til München og minibuss derifrå.
Bildet under viser løparar og trenarar frå Sør-Fron IL
utanfor Haus Alpina i Inzell i fjor |
Resultat frå "Sommerløpet"(15.08.05)
| Ida Fossehagen, Karina Rundtom From og Sunniva Tofte
- alle i klasse junior B - samt seniorane Tone Mette Bergum, Ingunn Sandø og Tom-Stener
Brenden deltok under "Sommerløpet" i Vikingskipet sist laurdag
(13.august). Resultata frå løpet finn du her |
Tom-Stener Brenden til Sør-Fron IL (21.07.05)
| Veteranløparen Tom-Stener Brenden har meldt overgang frå
Aurskog/Finstadbru SK til Sør-Fron IL. Vi ønskjer Tom-Stener velkomen til klubben vår! |
Skøyteavslutning for små og store! (18.04.05)
| Sist fredag kveld var det klart for den tradisjonelle
skøyteavslutninga på Kommunehuset. 41barn fekk premie for deltaking på skøyteskulen
denne vinteren, og 43 løparar for deltaking i klubbløp. Anne Lise Bergum (13)
vart kåra til "Årets løpar", Eirik Tidemandsen (10) fekk
"Berlinerbjørnen" av Oppland Skøytekrets, Tone Mette Bergum vart
påskjønna for deltaking i NM samt Norgescupen for junior, og løparar i LM,
Veteranmesterskapet og æresmedlemene Olav Wangen og Svein Bruket fekk
velfortent blomsterhelsing. Bildet: fire søsken
som alle har deltatt i klubbløp i vinter: Mina (11), Ida (10), Sigurd (7) og Kari Anne
(6) Scheie. Ikkje dårleg! |
 |
NM junior enkeltdistansar i Bergen (15.03.05)
| Tone Mette Bergum fekk 7.plass på 500 meter som beste
plassering under NM enkeltdistansar i Bergen 11.-13. mars. Ho brukte 47,07 og 47,27 på
dei to 500-metrane sine. Resultat
. Dermed er ein lang konkurransesesong over for løparane våre. Det er lenge sidan
"Sommerløpet" 14. august i fjor.... . |
Hamar og Trondheim denne helga....... (08.03.05)
| Denne helga (5.-6. mars) gjekk Tone Mette Bergum (junior)
og Ingunn Sandø (senior) norgescup på Hamar. Resultat 1. dag Resultat 2. dag Under
"Hjallis Æresløp" på Leangen i Trondheim deltok åtte av dei yngre løparane.
Resultat
Bildet under viser gode konkurrentar i junior C - klassa : Frå
venstre Karina, Sunniva, Ida, Anne Marie Folgerø og Brita Tønne
- begge dei to siste frå Sportsklubben Falken. |

|
Resultat frå Hamar og Oslo (27.02.05)
| Det vart sett i alt 581(!) personlege rekordar under
Sandefjordløpet i Vikingskipet i helga. Også alle dei 14 løparane som deltok frå
Sør-Fron IL kunne notere nye pers'ar på ein eller fleire distansar. Bra! Resultat
1.dag. Resultat
2.dag. På Valle Hovin i
Oslo var det norgescupløp for junior, der Tone Mette mellom anna gjekk ein god
3000 meter. Resultat
Bildet under viser rekruttane og 10-åringane med
premiane sine frå Hamar i dag |
LM i Skien (14.02.05)
| Anne Lise Bergum, Ida Fossehagen, Karina Rundtom From og Sunniva
Tofte representerte Sør-Fron IL under Landsmesterskapet i Skien denne helga. Dei
fire sør-fronsjentene leverte god innsats i konkurranse med alle dei beste i landet. LM-resultat
Bildet viser løparane med ein ivrig heiagjeng i ryggen! Fleire bilde på Bildeside |
NM-titlane til Urd Åsa og Øystein! (06.02.05)
| Urd Åsa Vallumrød Eidsten frå Geithus IL og Øystein
Kvikstad Skoglund frå SSK Toten sikra seg laurbærkransane under NM junior
allround på Flatmoen i helga. Øystein vann alle fire distansane og sette også
meisterskapsrekord på 1500 meter med 2,00,40. Urd Åsa gjekk til topps på dei tre
kortaste distansane, mens Maja Rognstad frå Eidsvold TF vann den avsluttande
3000-meteren for jentene.Vi gratulerer løparane med mange gode prestasjonar i helga!
Resultat
Fleire bilde på sida NM junior 2005 |
KM for Oppland i Vikingskipet (30.01.05)
| KM for Oppland vart avvikla i Vikingskipet sist onsdag
(26.01.) KM var lagt inn i det ordinære kveldsløpet, med SSK Toten som dyktig arrangør.
Sør-Fron IL stilte med 15 løparar, som alle gjorde ein flott innsats! Resultat |
Resultat frå Arendal og Hamar (24.01.05)
| Tone Mette gjekk fire jamne og bra løp under norgescupen
på den nye kunstisbanen i Arendal. Resultat. I alt 14 av dei
yngste løparane,saman med ein stor heiagjeng av foreldre og besteforeldre, reiste i går
med buss til Hamar og "Resconløpet". Resultat |
11. plass til Tone Mette i Bergen (09.01.05)
| Tone Mette Bergum kom på 11. plass i sprint-NM for
juniorane på Slåtthaug kunstisbane i Bergen i helga. Resultat |
Resultat frå "Hamarlekene" (20.12.04)
| Anne Lise Bergum, Jørn Frode Fossehagen, Knut
Lund Ringen, Ida Katrine Fossehagen, Karina Rundtom From
og Sunniva Tofte deltok alle i "Hamarlekene" sist helg.
Resultat |
|
Sør-Fron tok flest poeng i eigen cup
(11.12.04)
 |
 |
| Sør-Fron IL tok flest poeng i
klubbkampen under Advent Cup på Flatmoen i dag. I klassene 10 år -
junior C fekk Sør-Fron 84 poeng, så vidt framfor SSK Toten med 73 poeng.
Løpet gjekk i fint vintervêr - minus fem grader og vindstille - og med
bra is.
Resultat |
Norgescup junior og senior på Hamar
(12.12.04)
Snart treningsis nå....
(20.11.04)
|
Med mange kuldegrader og banemannskap som står
på, er det nå snart treningsis på Flatmoen. Måndag kveld.....??
Sidan torsdag har begge vatningsbilane kjørt runde på runde; i dag
var banefolka i gang kl. 05.30!
Bildet viser Kai Ove Wangen og Odd Kolobekken
framfor "nybilen" og "gamlebilen"
|
 |
Etterlysning....: kuldegrader og skøyteis!!
(12.11.04)
| -Nå ønskjer vi oss snø og skøyteis,
var omkvedet hos denne ivrige gjengen som vi møtte på Flatmoen
denne veka. Inntil vidare blir det meir barmarkstrening, men humøret
er på topp likevel! |
 |
Tone Mette i sprintcupen
(07.11.04)
| Tone Mette Bergum var Sør-Fron ILs
representant i sprint- norgescupen i Vikingskipet i helga. Tone
Mette gjekk 100 meter på 12,19 - berre 17/100 sekund
unna 3. plassen på distansen. Resultat |
|
Opning av norgescupen i helga
(30.10.04)
| I helga er det opning av norgescupen i
Vikingskipet. NC er i år delt i allround, sprint og enkeltdistansar,
og nytt av året er også at juniorane og seniorane går mot kvarandre
i same stemnet. For Sør-Fron IL deltek Tone Mette Bergum og
Kathrine Tofte. Resultat
laurdag Resultat
søndag |
|
Sesongstart i Vikingskipet
(24.10.04)
| I går var det sesongstart for dei norske
skøyteløparane i Vikingskipet da Sand IF arrangerte sitt
tradisjonelle løp Odalskøyta. Ni løparar frå Sør-Fron IL
var blant dei 307 påmelde. Resultata frå Odalskøyta finn du
her |
|
Topp forhold i Inzell!
(20.10.04)
| Sør-Fron ILs løparar fekk ei utbytterik
treningsveke under topp forhold på Eisstadion i Inzell. To økter
kvar dag, totalt ca 20 timar trening, vart gjennomført med iver og
motivasjon. Tid til andre opplevingar vart det også, blant anna ein
tur til Salzburg i Østerrike. Fleire bilde på Bildeside
Bildet til høgre:
Sør-fronsjentene Ida Fossehagen, Sunniva Tofte, Karina Rundtom From
og Tone Mette Bergum saman med Bart Veldkamp i
Inzell |
 |
Ingunn Sandø i Berlin Marathon
(25.09.04)
| Ingunn Sandø, Sør-Fron ILs
veteranløpar frå Lillehammer, deltok i dag i Berlin Inline Marathon
saman med 8 000 andre på rulleskøyter. Ingunn gjekk inn til tida
1,41,40 - pers' med ca. to minutt. Flott løp! |
 |
Vellykka klubbdag på Flatmoen!
(19.09.04)
| Sportsutvalet under leiing av Kjell Erik
Vangen og Monica Wangen arrangerte ein vellykka
klubbdag på Flatmoen i dag. Her var det rulleskøyter, stafett (med
også foreldra i aksjon!), rebusløp og fotballkamp. I det fine vêret
kunne små og store kose seg med grillmat servert ved langbord
ute. |
 |
Treningssamling i Inzell
(02.09.04)
| I veka 10.- 16. oktober reiser i alt 12
løparar, trenarar og foreldre frå Sør-Fron IL til Inzell på
is-samling. Turen går med fly til München og minibuss derifrå.
Viel Spass!!! |
 |
Forsmak på sesongen 2004/2005
(15.08.04)
| I går vart perioden med sommaris i Vikingskipet
avslutta med løp i regi av Hamar IL. Frå Sør-Fron IL deltok Tone
Mette Bergum i junior A, og ho innleidde sesongen 2004/2005 med
48,1 og 1,38,5 på 500 og 1000 meter.
Resultat |
|
"Skøytekalenderen 2004" (21.05.04)
| "Skøytekalenderen 2004" er nå å få
kjøpt. I denne landsstatistikken for sesongen 2003/2004 kan ein f.eks.
lesa at Marita Kolobekken er nr. 6 av 35 løparar i klasse 10 år
og at Svein Bruket har beste tida av alle på 1000 meter i
klasse veteran 59-63 år. Statistikken kostar kr 60,- + porto og kan
bestillast her: trondeng@online.no.
Sjå også NSFs
sider. |
|
Premiedryss på sesongavslutninga (17.04.04)
| I går kveld var det tid for den tradisjonelle
sesongavslutninga på Kommunehuset, med omlag 100 frammøtte. Her vart det delt ut
velfortente premiar for deltaking i skøyteskulen, klubbløp, LM, NM/NC junior og
Veteran-NM. Heile 48 små og store har gått klubbløp denne sesongen, noko som er svært
positivt! Det var påskjønningar til "Årets løpar"og for klubbrekordar
oppnådd denne sesongen. Marita Kolobekken (10) vart tildelt
"Berlinerbjørnen"av Oppland Skøytekrets. Det vart retta ein varm takk til alle
som står på for skøytesporten i Sør-Fron, og trenarane fekk ein flott bilde-collage av
aktiviteten i 2003/2004 som takk for innsatsen. |
| 
|
 |
| Barna på skøyteskulen med velfortente premiar |
Vandrepremien til "Årets løpar" for
treningsiver og framgang gjekk i år til Martin Vea og Ida Fossehagen |
Klubbstatistikken oppdatert (03.04.04)
Det gjekk fort på rekordisen i Calgary! (15.03.04)
| Som ein kunne vente gjekk det fort på rekordisen i Calgary.
Juniorane flytta pers'ane sine ned fleire hakk. I alt sette sør-fronsløparane 23
personlege bestenoteringar under Olympic Oval Finale, og åtte av desse var nye
klubbrekordar for Sør-Fron IL. Det vart også sett heile fem verdsrekordar for junior
under desse løpa! Resultatlistene
frå Calgary Tidene til
sør-fronsløparane Bildeside
Olympic Oval |
 |
Olympic Oval Finale i Calgary 10.-14. mars (07.03.04)
| Ein tropp på 14 sør-frøningar sette seg søndag på flyet til
Calgary der løpa Olympic Oval Finale går av stabelen 10. - 14. mars. Etter eit
par dagar med roleg akklimatisering står liten firkamp pluss to enkeltdistansar på
programmet for juniorane. Resultata vil etter kvart bli å finne her Sjå web-kamera |
 |
NM enkeltdistansar junior / NC finale i Drammen (07.03.04)
| Dei norske juniorløparane kjempa i helga om NM-titlane på
enkeltdistansar samt dei siste norgescup-poenga for sesongen i Drammen. NM-resultata
Sluttstillinga i
Norgescupen 2003/2004 |
 |
 |
|
Tone Mette Bergum
(t.v) og Anne Marte Ringen Elvsrud (t.h.) reiste rett frå NM i Drammen
til Calgary (Foto: Rune Falkenhaug) |
"Sandefjordløpet" i Vikingskipet (29.02.04)
| I alt 10 sør-fronsløparar var blant dei nesten 400 som deltok
under "Sandefjordløpet" i Vikingskipet i helga. Som vanleg resulterte
sesongavslutninga i "Skipet" i eit hav av personlege rekordar! Resultat på
sidene til "Sandefjordløpet" |
|
Erik Vea vann veteran-VM i Inzell (29.02.04)
| Vi gratulerer Erik Vea som klassevinnar under det uoffisielle VM
for veteranar i Inzell i helga! Erik slo 22 konkurrentar frå mange nasjonar. Resultat |
|
Norgescup junior på Flatmoen 21./22. februar (22.02.04)
| Maja Rognstad, Eidsvold TF og Frode Bartholdsen,
Hamar IL vann begge tre distansar under Norgescupen for junior på Flatmoen i helga. Kathrine
Tofte klarte tre 2. plassar blant jentene, mens Ingar Dahlen vart
premiert med 3. plass på 1000 meter. Komplette resultat Bildet:
Maja Rognstad under den avsluttande 3000- meteren søndag (Foto:
Rune Falkenhaug) |
 |
Landsmesterskapet 2004 (15.02.04)
| Det vart sett fire landsrekordar, 7 meisterkapsrekordar og heile
391(!) personlege rekordar under LM i Vikingskipet i helga. Stange Sportsklubb arrangerte
eit flott LM! Sør-Fron IL stilte med fire løparar i 13-årsklassa: Sunniva Tofte sette
pers' på 500, 1000 og 1500, Karina Rundtom From og Ida Fossehagen
på 500 og 1500 og Martin Vea på 1000 meter. I 16-årsklassa vart det pers' på Ola
Rundsveen på 1000 og 3000 meter. Premiert vart Sunniva med 6.plass på 500
meter og Martin med to 8.plassar og ein 9.plass. LM-sider |
|
Klubbrekord av Martin Vea (04.02.04)
| Martin Vea gjekk 1500 meter på 2,16,1 under kveldsløpet
i Vikingskipet i går kveld. Dette er ny klubbrekord i 13-årsklassa. Han sette også
pers' på 500 med 44,3. Gratulerer! |
Travel skøytehelg! (01.02.04)
| Under NM allround i Skien vart det 4., 6. og 7. plass på Kathrine
Tofte, Tone Mette Bergum og Anne Marte Ringen Elvsrud..Resultata er
på sidene til Herkules SK .Martin Vea kom
på 5.plass i Vikingløpet i Tønsberg. Under
KM for Oppland på Brandbu deltok 12 sør-fronsløparar. Resultata er her
Bildet: Eirik Tidemandsen sette pers' på både 100 og 400 meter på
Brandbu |
 |
1. plass til Kathrine Tofte på Leangen (26.01.04)
| Kathrine Tofte vann 500-meteren under Norgescupen for
junior på Leangen i Trondheim i helga. I tillegg vart det 2. plass på 100 og 1500 meter,
samt 3. plass på 3000 meter. Resultata er her. Til
helga er det allround-NM i Skien for Kathrine, Tone Mette, Anne Marte og Ingar |
 |
|
Arkivfoto |
Bra plasseringar i Resconløpet på Sand (26.01.04)
| Sør-Fron ILs junior C-løparar deltok i går under
Resconløpet på Sand. Alle oppnådde bra plasseringar og kunne reise heim med velfortente
premiar. I jenteklassa vart Sunniva Tofte nr 3, Karina Rundtom From nr 4
og Ida Fossehagen nr 5, mens i guteklassa vart det 5.plass til Martin
Vea. Sand IF stod for eit fint arrangement! Resultat Bildet:
Venninner og konkurrentar frå Oppland. (F.v.) Ida Fossehagen, Lea Aass (Skreia SK Toten),
Karina Rundtom From, Ida Kvikstad Skoglund (Skreia SK Toten) og Sunniva Tofte |
 |
Årsmøtet i skøytegruppa (23.01.04)
| Årsmøtet i skøytegruppa vart avvikla på Flatmoen i kveld med 13
medlemer til stades. Styret for 2004 blir: Tormod Tofte (leiar), Kjell Erik
Vangen (sport), Sigrid Bergum (arrangement), Ole Mathias
Elvsrud (kasserar), Aase Lund (sekretær). Gruppa hadde i 2003 eit
driftsoverskot på kr 27 700. |
|
Ingar Dahlen skadd (23.01.04)
| Ingar Dahlen skulle ha gått Norgescup på Leangen i
helga, men er på krykker etter å ha trakka over i gymtimen på skulen i går.
Røntgenbilda viste at det ikkje var brudd. Derfor er det grunn til å tru at Ingar snart
er i sving(en) igjen slik vi helst vil sjå han! (Foto: Morten Aasen,
GD) |
 |
Mange medaljar i Veteranmesterskapet (20.01.04)
| Svein Bruket, Erik Vea og Ingunn Sandø deltok
sist helg i Veteranmesterskapet på Valle Hovin og kunne reise heim med medaljar på
alle distansar! Sveins "medaljefangst" vart ei sølv og tre bronse, Erik tok tre
gull, ei sølv, ei bronse og Ingunn to gull og to sølv. Vi gratulerer! Resultata er her |
|
God innsats både på Gol og Hamar! (11.01.04)
| Det vart prestert mye bra både under Norgescupen for junior på
Gol og under Mjøscupen i Vikingskipet i helga. På Gol gjekk Ingar 1000 meter
på 1,21,6 og 1500 på 2,06,7 og fekk gode plasseringar på det.Også Kathrine
viste teikn på stigande form. I Mjøscupen sette mange av dei yngre personlege rekordar,
og vi merkar oss Martins sterke 4. plass i junior C. Resultat Gol. Resultat Mjøscupen Sjå Bildeside (Bildet: Rekruttane med
fine premiar frå Mjøscupen) |
 |
Sprint-NM for junior i Harstad (02.01.04)
| Sprint-NM for junior blir i helga arrangert på Kanebogen stadion i
Harstad. Tone Mette, Kathrine og Ingar deltek frå Sør-Fron IL.
Websidene til Harstad Skøyteklubb og NSF |
 |
"Hamarlekene" i Vikingskipet (29.12.03)
| Sør-Fron ILs løparar sette til saman 13 personlege
rekordar under "Hamarlekene"i Vikingskipet. Dette viser at framgangen er
der, men resultatlistene viser også at det er langt fram til dei beste i Noreg i alle
årsklasser. Ingar sette på nytt ein sterk klubbrekord for junior på 1000
meter, nå med tida 1,20,61. Resultat
10/11/12 år, junior C Junior B, junior A Sjå
bilde frå Hamar på Bildeside |
Resultat frå "Advent Cup" (13.12.03)
| Det deltok i alt 40 løparar frå klubbane Aurskog/Finstadbru, SSK
Toten, Stange Spk, Tynset IF og Sør-Fron IL under "Advent Cup" på
Flatmoen i dag. Resultata finn du her |
 |
Resultat frå Norgescup junior på Hamar (13.12.03)
Ingar med ny klubbrekord på 1000 meter (10.12.03)
| Ingar sette ny personleg rekord, og samtidig ny
klubbrekord for junior, med tida 1,21,3 på 1000 meter under kveldsløpet i Vikingskipet i
går kveld. Vi gratulerer! Resultat |
|
Norgescup junior Valle Hovin 22./23. november (23.11.03)
| Ingar Dahlens 3. plass på 1000 meter med tida 1,23,52 var
beste klubbprestasjon under Norgescupen på Valle Hovin i helga. Øystein Kvikstad
Skoglund frå SSK Toten vann Knut Johannesens pokal til beste junior på 3000 og
5000m. Resultata er her
(Foto: Aktiv Skøiteklubb) |
 |
Martin einaste løpar frå SFIL på Geithus og i Oslo(14.11.03)
| Martin Vea var einaste deltakar frå Sør-Fron IL under
"Orasløpet" på Geithus førre helg.. Martin sette utepers'ar på 500 og 1500
med 46,7 og 2,31,9. Resultat.
Nå til helga går Martin "ASK-cupen" på Valle Hovin. Resultat |
|
Referat frå "Speedy Senoritas"-samling i Sør-Fron(14.11.03)
| Her
kan du lesa referat og sjå bilde frå "Speedy Senoritas"- samlinga som var på
Flatmoen og på Fagerhøi i september |
|
Klubbrekordar av Ingar Dahlen (02.11.03)
| Ingar kunne notere nye personlege rekordar og samtidig
klubbrekordar i juniorklassa på 500, 1500 og 3000 m under Norgescupen i Vikingskipet i
helga. Tidene vart 40,2, 2,04,7 og 4,26,4 og lover godt for resten av sesongen. Tone
Mette forbetra bestetida si på 500 m, Anne Marthe på 1500 og 3000 m
og Ola på 500 og 3000 m. Resultat
laurdag Resultat
søndag |
|
276 personlege rekordar i Vikingskipet (26.10.03)
| Det vart sett heile 276 personlege rekordar under
"Odalsskøyta" i Vikingskipet i går. Sør-Fron ILs løparar stod for seks av
dei: Jørn Frode Fossehagen på 400 og 500, Martin Vea på 500, Ola
Rundsveen på 500 og 1500 samt Anne Marthe Ringen Elvsrud på 1500 meter.
Resultata frå sesongopninga finn du her
Ola
Rundsveen på veg mot personleg rekord med 2,26,3 på 1500m |
 |
Flott samling i Göteborg i haustferien! (07.10.03)
| 10 løparar, tre trenarar og like mange foreldre opplevde ei flott
samling i Göteborg sist veke! Løparane fekk trena på is både på nyanlegget i Ruddalen
og i ishockeyhall. I tillegg kom aktivitetar på barmark, bading, tur på byen og
fotballkamp på Nya Ullevi. Takk til Bent-Erik Brenden som hjelpte oss til istrening saman
med elevane på Göteborgs skøytegymnas! Takk også til "special guest"
Tom-Stener Brenden for godt kompaniskap! Fleire bilde frå samlinga kjem seinare. |
 |
 |
 |
| Løparar og trenarar samla framfor
hyttene på Kärralund Camping |
Vi fekk oppleva fantastisk stemning med
37000 tilskodarar på Nya Ullevi under lokaloppgjeret mellom IFK Göteborg og
Ørgryte |
Sør-Fron IL feira 110-årsjubileum (26.09.03)
 |
 |
 |
Mange hadde funne vegen til
Flatmoen i det fine vêret! |
Ein av etappane på
stafetten var rulleski med innlagt skyting |
Skøytegruppa i teten på
stafetten under Ingar Dahlens sykkeletappe |
| Laurdag 20. september feira Sør-Fron IL sitt
110-årsjubileum på Flatmoen, med stafett mellom gruppene og fotballkamp om dagen, og
festmiddag om kvelden. Idrettslag vart stifta som Søndre Fron Skilag hausten
1893 og er med det Gudbrandsdalens eldste. Sør-Fron IL har i dag stor aktivitet i seks
undergrupper, og medlemstalet har passert 700. |
Utbytterik samling på Flatmoen og Fagerhøi (12.09.03)
 |
 |
| I alt 31 løparar frå ni klubbar deltok under
samlinga for "Speedy Senoritas" og Oppland Skøytekrets i Sør-Fron 5. - 7.
september. Det kom ivrige jenter så langt frå som Stavanger og Arendal. I tillegg
til verdifull trening på Flatmoen og Fagerhøi, vart det tid til "street dance"
og mye sosialt samvær. Vi i Sør-Fron IL takkar for triveleg besøk! Reportasje om
samlinga i GD kan du lesa her |
Tidleg pers' av Martin! (12.08.03)
| Martin Vea (13) sette ein rekordtidleg pers' på 500 meter
under Hamar ILs sommarløp i Vikingskipet sist laurdag. Tida vart 47,2, og dette lovar
godt for vinteren for Martins del. Ingen andre sør-fronsløparar deltok. Resultat: 1. distanse 2. distanse |
 |
Erik i mål på 29 timar og 39 minutt (22.06.03)
| Gratulerer! Etter store påkjenningar både på
løpar og utstyr klarte Erik å fullføre styrkeprøven på 29 timar og 39 minutt. Både
NRK TV-Sporten og Dagbladet har gitt løpet brei dekning. Les på NRKs
nettsider. Les også førehandsreportasje i Romerikes Blad. |
På rulleskøyter Trondheim - Oslo ! (21.06.03)
 |
 |
| Erik Vea er i ferd med å gjennomføre den
stooore (!) styrkeprøven: Trondheim - Oslo på rulleskøyter. Han starta i Trondheim kl.
18.00 fredag kveld, og håper å gå under 28 timar. Bilda er tatt i det han
passerer Sør-Fron kl. 07.30 laurdag morgon. Som han sa til NRK Kveldsnytt: "Det
er bare femti 10 000-meter.....". Regnvêr og glatt asfalt har skapt nokre
problem, men stilen er framleis upåklageleg idet han passerer Svendsens kafé. Vi
ønskjer lykke til vidare sørover mot Oslo! (Kl. 09.32) |
Skøytejentene samla på Geithus (01.06.03)
| I helga vart den fyrste samlinga for yngre, norske
skøytejenter arrangert på Geithus. Deltakarane vart presentert eit variert program, der
mellom andre Edel Therese Høiseth, Linda Olsen og Øystein Haugen
frå NSF bidrog. Frå Sør-Fron IL deltok Ida Fossehagen, Sunniva Tofte og trenar
Laila Johansen. |
|
Oppdatert statistikk (01.06.03)
| Statistikken for Sør-Fron IL er nå oppdatert etter sesongen
2002/2003. Under Adelskalender finn du dei ti beste i alle
årsklasser frå 9 år og oppover. Du kan også finne "10-på-topp" totalt sett
for Kvinner og Menn. Komplett
adelskalender kan bestillast frå skøytegruppa for kr. 20,- pluss porto. E-post: tormtoft@online.no |
Full fart på rulleskøytebanen! (12.05.03)
 |
|
I helga var det full fart på
rulleskøytebanen på Flatmoen! (F.v.): Jan P Stebergløkken, Ida Katrine Fossehagen,
Sunniva Tofte, Tone Mette Bergum, Martin Vea, Ingar Dahlen, Kathrine Tofte og Erik Vea |
|
Laila Johansen ny leiar i Oppland skøytekrets(06.04.03)
| Sør-Fron ILs Laila Johansen vart valt til ny leiar i
Oppland Skøytekrets under tinget på Brandbu i dag. Laila er med sine 22 år den yngste
kretsleiaren i skøyte-Noreg. Ho er tidlegare løpar, har teke "Trenar 1"-kurs,
og har også vore medlem av Norges Skøyteforbunds ungdomsgruppe. Vi ønskjer Laila lykke
til i arbeidet! Les i GD!
Foto: GD |
 |
Så var sesongen 2002/2003 slutt.......... (06.04.03)
| Under årsavslutninga på Kommunehuset fredag kveld vart Svein
Bruket (bildet over t.h.) utnemnt til æresmedlem i skøytegruppa for sitt gode
arbeid til beste for skøytesporten i Sør-Fron gjennom 25 år. Alle løparane i klubben
og barna på skøyteskulen (bildet over t.v.) fekk velfortente premiar og påskjønningar
etter sesongen som nå er forbi. Trenarane og "Gutta på tur" (=banemannskapet)
fekk takk for alt arbeidet dei har gjort med løparane og isen. Årets løparar vart Karina
Rundtom From og Andreas Løkken (bildet t.h.). Gratulerer!
Alle som var til stades mintes også Mona Gryttingslien, som
så tragisk gjekk bort i ei bilulykke i 1993, berre 20 år gamal. Skøytegruppa vart
overrekt ein vakker minneplakett som vil få sin permanente plass i kaféen på Flatmoen
og slik bli eit varig og verdig minne om Mona i det miljøet der ho høyrde heime. |
 |
Sesongavslutning på Savalen også i år (18.03.03)
| Til helga reiser i alt 48 løparar, trenarar og foreldre til
Savalen for å markere avslutninga på sesongen 2002/2003. Vi håper på fint vêr og
skøyteis på banen... Skulle isen vera ubrukbar, blir det likevel ei hyggeleg helg
med ski, snowboard og mye sosialt samvær! |
 |
Ingen topp-plasseringar under NM i Skien (10.03.03)
| Det vart ingen topp-plasseringar på Tone Mette,
Kathrine og Ingar under NM enkeltdistansar i Skien. NM-vinnarar vart Tor
Arve Magnussen (1500, 3000 og 5000), Eirik Lunde Pedersen (500 og 1000), Mari Hemmer (1000
og 3000), Tine Køpke (500) og Maja Rognstad (1500). Komplette resultat er her.
|
|
 |
Andreplass til Martin Vea i "Siste Indre" (10.03.03)
| Martin Vea tok ein sterk andreplass i klasse 12 år under
"Siste Indre" i Oslo laurdag. Det var svært vanskeleg forhold på Valle Hovin
denne dagen! Resultat |
Mange personlege rekordar i "Rådeløpet" (02.03.03)
| Sør-Fron ILs deltakarar under "Rådeløpet" sette til
saman 13 personlege rekordar i løpet av helga. Alle viste flott innsats! Resultata frå
løpet blir lagt ut på sidene til Råde IL her måndag kveld |
|
Olav Wangen æresmedlem i Sør-Fron IL (28.02.03)
 |
Olav Wangen vart utnemnt til æresmedlem i Sør-Fron
Idrettslag under årsmøtet i går kveld. Gjennom meir enn 30 år har Olav gjort ein
formidabel innsats for idrettslaget. Han er frå før æresmedlem i skøytegruppa.
Gratulerer, Olav! Vel fortent! (F.v.): æresmedlem Edvin
Hovemoen(utnemnt i 1997), leiar i Sør-Fron IL Christian A. Hovind og æresmedlem Olav
Wangen |
Resultat frå Norgescup junior på Tynset (23.02.03)
| Ingar Dahlen gjekk fleire bra løp under Norgescupen på
Tynset i helga. På 3000 meter vart han nummer seks, og det berre 3,5 sekund unna
andreplassen på distansen. Resultat: 500/1500
1000/3000 |
|
God LM-innsats av alle sør-fronsløparane (16.02.03)
| LM 2003 vart ei flott oppleving for alle som deltok! Vikingskipet
var pynta til fest, og SSK Toten gjennomførte eit prikkfritt arrangement. Sør-Fron
ILs løparar stod for ein god innsats, og alle sette nye, sterke personlege rekordar på
ein eller fleire distansar Kathrine Tofte tok bronse på 500 og 3000 meter i
16-årsklassa. Resultat: 500/1500
1000/3000 Sør-Fron ILs store tropp under LM |
 |
 |
 |
| Dei fire beste på 1500m i klasse 16 år: (F..v.):
Kathrine (4), Maja Rognstad, Eidsvold T (3), Sara Landro, Fana IL (1) og Tina A Henriksen,
Sandefjord SK (2) |
Sør-Fron ILs løparar hadde
støtte frå ein stor heiagjeng på tribunane! |
NM på Gol og KM på Brandbu (09.02.03)
| Vi i Sør-Fron gratulerer Jevnaker IFs Maren Haugli og Tor
Arve Magnussen med NM-titlane i allround på Gol. Gratulerer også til Skreias Øystein
K. Skoglund, som tok andreplassen etter Magnussen. Våre plasseringar: Ingar
(12.) Kathrine (9.) Tone Mette (11.) og Anne Marte (14.) Resultat Under KM for
Oppland på Brandbu deltok Sør-Fron IL med heile 21 løparar, deriblant mange talentfulle
rekruttar! Kretsmeistrar vart Martin Vea, Andreas Løkken og Ola
Rundsveen. Resultat kjem seinare |
|
Uttak til Landsmesterskapet i Vikingskipet (06.02.03)
| Norges Skøyteforbund har tatt ut ni sør-fronsløparar til Landsmesterskapet
for klassene 12 - 16 år i Vikingskipet 15. og 16. februar. Sør-Fron IL er på femteplass
på lista over flest deltakarar (av totalt 43 klubbar). Uttaket |
|
Resultat frå "Advent Cup" på Flatmoen
(01.02.03)
| Endeleg kunne "Advent Cup" gjennomførast etter at kulden
sette ein stoppar for løpet før jul. På grunn av kollisjon med andre løp vart ikkje
påmeldinga så stor, men yngre løparar frå SSK Toten og Sør-Fron IL stod for ein flott
innsats og fekk alle sin velfortente premie! Resultat Løparane som deltok under "Advent Cup" |
 |
Stor framgang for juniorane i NC på Hamar (02.02.03)
| Dei fire løparane våre i juniorklassa leverte årsbeste under
Norgescupen på Hamar i helga. Tone Mette forbetra pers'ane sine på alle fire
distansar med solid margin, Kathrine sette pers' og nye totale klubbrekordar på
500 og 3000, Ingar persa og sette nye klubbrekordar for junior på 3000 og 5000
mens Anne Marte kunne notere nye personlege rekordar på 1000 og 3000.
Alle fire vart med dette av Norges Skøyteforbund tekne ut til NM allround på Gol neste
helg. Resultat laurdag
Resultat søndag |
|
Styret i skøytegruppa 2003 (25.01.03)
| På årsmøtet i skøytegruppa 24. januar vart desse valde inn i
styret for 2003: Tormod Tofte (leiar), Kjell Erik Vangen (nestleiar), Aase Lund
(sekretær), Ole Mathias Elvsrud (kasserar), Jan P Stebergløkken (sport), Kai Helge
Hovden (bane), Sigrid Bergum (arrangement) |
Resultat frå "Krystallcupen" på Geithus (21.01.03)
| Ikkje mindre enn 22 løparar og like mange trenarar, foreldre,
småsøsken og besteforeldre fylte søndag morgon opp ein stor buss og sette kursen mot
"Krystallcupen" på Geithus. Dette vart ein fin skøytedag for store og små!
Mange av dei yngste sette personlege rekordar, fire 12-åringar klarte LM-kravet med
fleire like bak, og løparane i junior A og B vann den oppsette vandrepokalen til odel og
eige etter sitt tredje napp. Resultata finn du på sidene til NSF . Fleire bilde finn du
på Bildeside Sør-Fron
ILs yngste rekrutt på Geithus: Aina Kolobekken (5 ) |
 |
Drammen, Oslo og Skreia sist helg (15.01.03)
| Resultat frå NM
sprint junior på nye Marienlyst kunstis i Drammen (11./12.jan.) Resultat
frå "Veteranmesterskapet"
på Valle Hovin i Oslo (10.-12.jan.)
Resultat frå "Mjøscupen" på Skreia (12.jan.) kjem snart her |
Bra prestasjonar under "Hamarlekene" (29.12.02)
| Kathrine Tofte vart nr to og Ingar Dahlen nr. fire samanlagt under
"Hamarlekene" i Vikingskipet. Det vart sett seks nye personlege rekordar av
Sør-Frons løparar. I tillegg til Kathrine og Ingar deltok Anne Lise, Sunniva, Martin,
Andreas, Tone Mette og Anne Marthe. Resultata finn du på sidene til HamarIL Bildet: (F.v.): Anne
Lise, Sunniva, Kim André Eldevik (Geithus IL), Martin, Andreas og Erik fann tid til litt
bowling mellom løpa på Hamar |
 |
NB! NB! NB! NB! NB! NB! NB! NB! NB! (13.12.02)
| Vi må dessverre avlyse "Advent Cup" på grunn av
kulden. Det har vore minus 20 på Flatmoen i heile dag, og vakthavende metereolog
i Oslo meldte same vêrtypen i morgon. |
|
69 deltakarar frå sju klubbar i "Advent Cup" (12.12.02)
| Det er påmeldt i alt 69 løparar frå klubbane Brandbu
IF, Eidsvold Turn, Hamar IL, SSK Toten, Stange Spk, Tynset IF og Sør-Fron IL til
"Advent Cup" på Flatmoen nå laurdag (14/12). Løpet startar kl. 12.00. Vi håper
på litt mildare vêr; temperaturen har dei siste dagane lege jamt på
minus 19 - 20 grader. Invitasjonen til "Advent Cup" finn du på denne sida |
 |
Sør-Fronsløparar i aksjon i Bergen og i Oslo (01.12.02)
 |
 |
 |
| Anne Lise Bergum |
Sunniva Tofte |
Martin Vea |
| I helga deltok Tone Mette Bergum, Anne
Marte R. Elvsrud og Kathrine Tofte under Norgescupen for juniorar i Bergen. Resultat laurdag
/ Resultat
søndag. I Oslo var tre av dei yngste i aksjon: Anne Lise Bergum sette ny,
fin personleg rekord på 500 meter. Sunniva Tofte og Martin Vea gjekk
også bra på 500 meter i vinden på Valle Hovin, men var begge uheldig å falle på den
siste distansen. Resultat |
Triveleg klubbkveld på Dale-Gudbrands gard (24.11.02)
 |
Fredag kveld var mange av løparane og foreldra i klubben samla til
triveleg klubbkveld på Hundorp Dale-Gudbrands gard. Her vart det servert
taco og brus, kaffe og kaker. I ein innlagt spørjekonkurranse om skøyter var
"taco-laget"(løparane) best og slo "kaffe-laget"(foreldra) ganske
suverent! |
Kom og gå på skøyter på Flatmoen! (10.11.02)
 |
Nå er det flotte forhold på Flatmoen, med god is og
rikeleg med snø! Sjeldan har det vore slike fine forhold i november... . Så oppfordringa
til både liten og stor må nå bli: Kom og gå på skøyter på Flatmoen!
Bildet er teke søndag 10. november |
God innsats i kveldsløp på Hamar (07.11.02)
| Martin Vea (12) sette ny personleg rekord på 500 meter
med over tre sekund (tid: 51,1) under kveldsløpet på Hamar onsdag kveld. På 1000 meter
var han uheldig å falle. Veronika Beitmyren (12) og Sunniva Tofte (12)
gjekk på tider like bak pers'en: Veronika 58,2 og 2,03,0 og Sunniva 59,1 og 2,01,5. Resultat |
Personlege rekordar under Norgescupen (03.11.02)
 |
Ingar Dahlen sette ny pers' og samtidig ny klubbrekord for
juniorar på 3000 meter under Norgescupen på Hamar i helga. Tida vart 4,32,52. Tone
Mette Bergum klarte ny pers' på 1000 og 1500 og Anne Marte Ringen
Elvsrud på 500 og 1000. Kathrine Tofte tangerte sin personlege rekord på
500 og gjekk ned bestetida si på 3000 med fem hundredels sekund. Plasseringsmessig var
dei fire sør-fronsløparane eit stykke bak dei beste. Resultat
laurdag. Resultat
søndag. |
| Ingar Dahlen klar til start på sin 3000 meter, som gav
personleg rekord med over fire sekund |
Islegginga i gang på Flatmoen! (29.10.02)

|
Måndag kveld (28.10.) var islegginga i gang på Flatmoen. Det er
tidleg! Nå er det berre å håpe på stabil kulde, så har løparane treningsis til
helga, meiner Kai Helge Hovden. I kveld er temperaturen -9. Bildet
viser Kai Helge framfor "nybilen" lakkert i fine klubbfarger! |
|
Reportasje i GD om skøytesporten i Sør-Fron (22.10.02)
| GD's journalist har møtt nokre av løparane og trenarane frå
Sør-Fron IL i Vikingskipet like før sesongen 2002/2003 tek til. Les reportasjen her |
Resultat frå "Odalsskøyta" i Vikingskipet (20.10.02)
| Så er skøytesesongen i gang med løpet
"Odalsskøyta" i Vikingskipet.Blant nesten 300 utøvarar frå Noreg og Sverige
deltek Sør-Fron ILs Anne Lise Bergum og Jørn Frode Fossehagen
i klasse 10 år, Tone Mette Bergum i junior B, Anne Marte R. Elvsrud i
junior A og Ingunn Sandø i veteran. Arrangøren Sand IF legg ut resultata
fortløpande her |

|

|
Jørn Frode Fossehagen (14,1 og 48,1)
og Anne Lise Bergum (14,3 og 51,9) sette båe ny pers' på 100m og 400m under
"Odalsskøyta" |
Jørn Frode klar på startstreken
for fyrste gong denne sesongen! |
Endeleg på plass med ny nettadresse! (13.10.02)
| I to månader nå har nettsida vår vore ute av drift. Endeleg er
vi på plass med ny og permanent adresse www.sfil.no/skoyter.
Dette blir etter kvart ei grein av ei ny internettløysing for heile Sør-Fron
Idrettslag. Enkelte forandringar på sida vår kan ventast... . |
|
Rulleskøyteanlegget er tatt i bruk (13.10.02)

|
Laurdag 7. september vart det nye rulleskøyteanlegget på Flatmoen
offisielt opna. Gjester frå SSK Toten, Tynset IF samt leiar i Oppland Skøytekrets, Jørn
Didriksen, deltok under opninga saman med Sør-Frons eigne løparar og representantar.
Banen er allereie mye brukt og har vorte eit samlingspunkt for barn og ungdom. Det er bra! Foto:
GD |
Oversikt over dei neste samlingane (09.08.02)
| Dato |
Stad |
Kommentar |
| 10. - 11. augsut |
Vikingskipet |
Istrening, bading |
| 16. - 18. august |
Fagerhøi |
16/8: test på sykkel (møt Flatmoen) 17.-18/8: samling på
Fagerhøi |
| 6. - 8. september |
Sør-Fron |
6/9: sykkeltest + teori (kosthald) 7.-8/9: kretssamling
(7/9: opning av rulleskøytebanen, 8/9:sykkel fjellet) |
| 28. sept - 4. okt |
Vikingskipet |
Istrening, sykling, bading, padling, ferie |
Anleggsarbeidet i gang på Flatmoen (09.08.02)

|
Denne veka har anleggsarbeidet med rulleskøytebanen vore i gang!
Bildet er tatt fredag (9/8) og viser at så godt som all massen er tatt ut. Opninga av
banen skjer under kretsamlinga for Oppland laurdag 7. september. Vi gleder oss! |
Barmarksamling i Atna og sommaris på Hamar(29.07.02)
 |
 |
| Sør-Fron IL gjennomførte ei vellykka barmarksamling
i Atna nå i helga. Allsidig aktivitet var vektlagt, med sykling, kanopadling, bading og
fisking. I alt 13 løparar, trenarar og foreldre deltok. Overnattinga skjedde i sjølvbygd
lavvo! Nå står sommarisen i Vikingskipet for tur; fyrste perioden er
frå fredag 2. til søndag 18. august. |
Erik Vea & Co. fyrst til mål i Styrkeprøven (25.06.02)
| Erik Vea og syklistane i SK Rye var fyrst til mål i sykkelrittet
Trondheim - Oslo sist helg. Gratulerer, Erik! På grunn av motvind og kaldt vêr
kunne det ikkje bli løyperekord; vinnartida vart 14 timar og 53 minutt. Bilde frå rittet
finn du her! |
Kjøp "Skøytekalenderen 2002"! (24.06.02)
| Nå er "Skøytekalenderen 2002" (27. årgang) å få tak
i. Som vanleg inneheld denne boka alle tidene oppnådd av norske løparar i alle klasser
sist sesong, ved sida av norske rekordar i ulike klasser. Boka kan bestillast for kr. 60,-
+ port via e-post trondeng@online.no. Sjekk
også sida til WSSSA
Skøytenytt! |
 |
Ny skøyteløpar i Sør-Fron IL! (24.06.02)
| Sør-Fron IL og skøytegruppa har fått ein ny medlem: Ingunn
Sandø frå Lillehammer. Ingunn er 39 år gamal og går dermed inn i Sør-Frons sterke
veterantropp! Velkomen til oss, Ingunn!! |
|
Rulleskøytesamling på Skreia 15. og 16. juni (26.05.02)
| SSK Toten og Oppland Skøytekrets arrangerer kretssamling på
rulleskøyter helga 15. og 16. juni. Aktiviteten vil gå føre seg på Olavsbanen på
Skreia. Laurdagskvelden er det lagt opp til felles grilling og hyggeleg sosialt samvær.
Samlinga er for alle klasser, inkludert rekruttar. Løparane i Sør-Fron
IL kan melde seg på til ein av trenarane innan måndag 10. juni. |
 |
Interessante statistikksider frå NSF (26.05.02)
| På denne sida kan du
finne diverse interessante statistikksider frå Norges Skøyteforbund |
|
Vellykka klubbsamling i helga (12.05.02)
 |
Det vart gjennomført ei vellykka klubbsamling for dei eldste
løparane på Flatmoen i helga. Delar av samlinga var lagt opp i samarbeid med skifolket i
Team Statoil Sør-Fron. Samlinga bestod av sykkeltest fredag kveld,
skøytetekniske øvingar laurdag og ein lengre sykkeltur søndag. |
| Eit utval løparar og trenarar frå både ski og
skøyter fotografert før sykkeltur søndag. (Frå venstre): Stian Wadahl, Per Arne
Kolseth, Ragnhild Raabe Hegge, Tone Mette Bergum, Erik Vea, Ole Johan Kolseth og Jan P.
Stebergløkken. |
|
Samarbeid skøyter og ski (01.05.02)
| Det er inngått treningssamarbeid mellom skøyte- og skigruppa i
Sør-Fron IL. Ein del av dei eldste skøyteløparane vil i sommar trene kondisjon, styrke
og spenst saman med dei langrennsløparane som er i Team Statoil Sør-Fron.
Skøytetrenar Bjørnar Rundsveen vil dessutan assistere langrennsfolket i
skøyteteknikk. Eit spennande prosjekt som vi har stor tru på! |
|
Evaluering og planlegging (21.04.02)
| Sist helg var alle Sør-Fron ILs løparar og trenarar samla for å
evaluere sesongen som nå er forbi. Samtidig var det travel møteaktivitet blant trenarane
og i sportsutvalet for å starte planlegginga av sesongen 2002 / 2003. Løparane var elles
i aktivitet med sykling (laurdag) og slalåm / snowboard (søndag). Hovudtrenar Erik Vea går igjennom opplegg for
neste sesong med løparane i kaféen på Flatmoen |
 |
Mange fekk premie på sesongavslutninga (14.04.02)
 Deltakarar
på skøyteskulen samla på scena under premieutdelinga |

|
|
Trond Andersson (14) og Sunniva Tofte
(12) fekk utmerkinga som "Årets løpar" for denne seseongen |
| Det vart utdelt mange velfortente premiar til små og
store under skøyteavslutninga på Kommunehuset fredag kveld. I alt 65 har deltatt på
skøyteskulen i sesongen 2001/2002, medan 42 har gått klubbløp. Til saman 27 løparar
frå Sør-Fron IL har løst lisens og deltatt i nasjonale løp frå klasse 10 år og
oppover. |
Jørn Didriksen ny leiar i Oppland Skøytekrets (07.04.02)
| Jørn Didriksen vart valt til ny leiar i Oppland
Skøytekrets under tinget på Jevnaker i dag. Didriksen er tidlegare toppløpar med blant
anna OL-sølv på 1000 meter frå Innsbruck i 1976. Han bur nå på Jevnaker. Med
seg i styret får han Bjørg Johansen, Brandbu (nestleiar), Inger Lise K.
Skoglund, Skreia (kasserar), Laila Johansen, Sør-Fron (sekretær), Morten
Haugli, Jevnaker, Geir Langerud, Skreia og Torbjørn
Brendløkken, Lillehammer (alle styremedlemer). Svein Bruket, Sør-Fron er
vararepresentant til styret. |
 Jørn
Didriksen (framme t.v.) tek over som leiar i Oppland Skøytekrets etter Randi
Håkegård. På kretstinget vart elles Lars Magnussen, Jevnaker (bak t.v.) og Gjøviks
lovande junior Olav Slinning (bak t.h.) overrekt "Gullmerket". Vi gratulerer! |
Miljøsamling på Savalen (12.03.02)
 |
Sjølv om det ikkje er kunstisbane og "Savalen Robito
Cup" i år, så gir ikkje Sør-Fron IL opp Savalen for det! Til helga arrangerer vi
miljøsamling med overnatting på Savalen Fjellhotell, klubbløp på naturisen,
aktivitetar på ski og snowboard samt mye sosialt samvær. 18 av løparane i klubben pluss
like mange vaksne tek turen til Østerdalen. Vi ønskjer fint vêr! |
Resultat frå klubbmeisterskapen i Sør-Fron IL (12.03.02)
| Her finn du resultata frå
klubbmeisterskapen i Sør-Fron IL onsdag 6. mars.
Ida Katrine Fossehagen vart klubbmeister i
11-årsklassa |
 |
Løparar i junior-NM og "Siste Indre" (10.03.02)
| Åtte løparar frå Sør-Fron IL deltok i helga i avslutninga på
den norske skøytesesongen. Under NM junior enkeltdistansar i Båstad oppnådde Kathrine
Tofte ein overraskande 4.plass på 1500m og Ingar Dahlen ein sterk
9.plass på 1000m på ei tid ikkje langt bak dei beste juniorane i Noreg. Under
"Siste Indre" i Oslo vart det 3.plass (av 17 løparar) på Andreas Løkken
og 5. plass (av 13 løparar) på Sunniva Tofte. Martin Vea og Veronika
Beitmyren gjekk berre den eine distansen, mens Thomas Beitmyren persa
på 100m med 15,55. Det var skikkeleg "soft-is" på Valle Hovin laurdag! Søndag
gjekk Trond Andersson 500m på 49,07, men var uheldig og fall på 1500m.
. |
NM-bilde og oppdateringar (03.03.02)
| Det er nå lagt ut diverse bilde frå NM-helga her på Flatmoen.
Du finn desse på sida NM-bilde. I tillegg er
det oppdateringar på banerekordar, klubbrekordar og personlege rekordar. |
Årsmøtet i Sør-Fron Idrettslag (28.02.02)
| På årsmøtet i Sør-Fron IL i kveld (28.02)vart Chr. Algot
Hovind valt til ny leiar etter Møyfrid Kalstadstuen. Med seg i styret får
han Karin Berget Bu (kasserar), Aina Busch Sletten (sekretær),
Per Seielstad (styremedl.) og Øystein Ovrum Rudi (styremedl.). På
årsmøtet vart Kathrine Tofte tildelt utmerkinga som "Årets
idrettsutøvar" i laget for 2001. Til grunn for tildelinga låg resultata på
skøytebanen i fjor samt også deltakinga innafor fotballen både som aktiv spelar og
klubbdommar.
Råmund Bruheim og Møyfrid Kalstadstuen overrekker
Kathrine Tofte pokal, diplom og blomster |
 |
Kongepokal til Anette Tønsberg og Pål Gravem (25.02.02)
| Anette Tønsberg og Pål Gravem vart tildelt
kongepokalane under enkeltdistanse-NM på Flatmoen i helga. Anette vann elles både 1 500
og 3 000 meter, mens Pål tok NM-tittelen på dei tre kortaste distansane! Det
vart oppnådd sterke vinnartider og banerekordar på alle distansar som vart gjennomført.
Det vart dessverre ingen 10 000 meter på grunn av boikott frå løparane. Resultata finn
du på NM-sida, og
"Skøytesport" sin reportasje er her |
 |
Sverige vann ungdomslandskampen (25.02.02)
NM enkeltdistansar 22. - 24. februar (18.02.02)
| Det nærmar seg ny NM-helg i Sør-Fron. Opning fredag 22. februar
kl. 17.50. Start 500 meter kl. 18.00. Bane- og vêrforhold er pr. i dag prima! Vakthavande
ved Meteorologisk institutt varslar ingen ekstreme temperaturar verken på minus- eller
plussida for komande helg... . Vi oppfordrar også alle løparar og andre
gjester til å delta under banketten på Hundorp Dale-Gudbrands gard laurdag kveld kl.
20.00! Meir informasjon på NM-sida |
|
Fire LM-medaljar til Sør-Fron IL(18.02.02)
 |
 |
| Sør-Fron ILs LM-tropp i Trondheim: Andreas Løkken,
Trond Andersson, Ola Rundsveen, Tone Mette Bergum, Kathrine Tofte, Ingar Dahlen samt
trenarane Jan P. Stebergløkken og Erik Vea . (Anne Marthe R. Elvsrud vart dessverre sjuk
og kunne ikkje stille til start) |
Medaljevinnarane på 500 meter i klasse 15 år: I
midten Sara Landro frå Fana IL (1), Kathrine Tofte (2) og til høgre Tina A. Henriksen
frå Sandefjord SK (3)
(Foto: Gunnar Nygård, Skøytesport)
|
| Det vart i alt fire medaljar på Sør-Fron IL under LM i Trondheim
i helga. Kathrine Tofte tok sølv på 500 og 1500 samt bronse på 3000, mens Ingar
Dahlen kapra sølvmedaljen på 500. Løpa gjekk under svært vanskelege
vêrforhold på Leangen. Vi takkar Sportsklubben Falken for eit flott
arrangement! Sjå meir om LM på Skøytesports nettsider! |
|
Mange personlege rekordar i Rådeløpet (10.02.02)
| Dei 19 løparane frå Sør-Fron IL som deltok under Rådeløpet i
helga kunne reise heim med mange fine personlege rekordar! Alle leverte flott innsats! |
|
Klubbrekordar under Norgescupen på Hamar(03.02.02)
| Etter å ha slitt med virussjukdom og astmatiske plager sidan
november kunne Kathrine Tofte glede seg over stor framgang under Norgescupen på
Hamar i helga. Ho sette ny klubbrekord for Sør-Fron IL på 500 meter med
46,06, og gjekk 1500 meter på 2,23,18 - berre seks tidelar unna personleg
rekord. Ingar Dahlen sette klubbrekord i 16-årsklassa på 1500 meter
med 2,05,15, og han gjekk 500 meteren på 40,97. Søndag fekk Ingar 1,22,54 og Kathrine
1,33,74 på 1000 meter. Hamar ILs Even Wetten imponerte elles
stort med to nye norske juniorrekordar: 37,64 på 500 meter og 1,54,28 på 1500 meter! Vi
gratulerer! |
|
Tre til topps i 11th Seniors International Speed Skating Games!
(28.01.02)
| Tre ungdommelege og spreke trenarar frå Sør-Frons "Team
004" gjekk i helga til topps i sine klasser under dei såkalla "11th Seniors
International Speed Skating Games" i Vikingskipet. Erik Vea ("Men
50") slo tredve konkurrentar i klassa si og fekk så gode tider som 2,05,07 på 1500m
og 4,22,86 på 3000m. Jan Peter Stebergløkken ("Men 35")
leverte fire sterke løp! Aud Kristin Kolobekken ("Ladies 30") var
einaste deltakar i si klasse og har gjort eit flott come-back i vinter etter å ha lagt
skøytene på hylla som 14-åring... . Du kan lesa om dette uoffisielle
VM i Skøytesport |
 |
Sør-Fron ILs andre napp i vandrepokal under "Krystallcupen"
(28.01.02)
| Sør-Fron ILs løparar i junior B-klassa tok klubbens andre
napp i vandrepokalen under "Krystallcupen"på Hønefoss og Jevnaker i helga. Tone
Mette Bergum, Anne Marthe Ringen Elvsrud, Ingar Dahlen og Kathrine Tofte
sørgde for dette. Kathrine vann klassa si laurdag og vart nummer to etter Jevnakers
suverene Maren Haugli søndag. Trond Andersson, Ola Rundsveen,
Sunniva Tofte og Anne Lise Bergum deltok også under
"Krystallcupen". |
 |
Ein flom av personlege rekordar i Vikingskipet (23.01.02)
| Berre to dagar etter sprint-VM var det svært bra forhold i
Vikingskipet under kveldsløpet som Sør-Fron IL arrangerte tysdag (22.01.), noko som
førte til ein flom av personlege rekordar. Sør-Frons yngste løparar syntes det var moro
å gå fort i "Skipet"! Nye "persar" er lagt inn på sida Løparar. |

|
|
Malin Wangen Evjevik (7) syntes det var
moro å gå i Vikingskipet! |
"Team 004" (18.01.02)

|
2004 er ein milepæl i satsinga til skøytegruppa i Sør-Fron
Idrettslag. Da håper vi å ha ei gruppe på omlag seks juniorløparar og ein seniorløpar
som vil trene nok til å kunne hevde seg i Norgescupen. Dei største løparane og
trenarane i klubben er innlemma i "Team 004" med dette for auget. Logoen
til "Team 004" er laga av den tidlegare løparen Birgitte Bruket. Vi
takkar Birgitte for godt utført arbeid! |
Kosthald er viktig! (18.01.02)
| Det faktum at kosthaldet er viktig for ein idrettsutøvar er det
ingen som tvilar på. Denne faktoren er noko løparane og trenarane i Sør-Fron IL også
tek på alvor! Klikk her, så vil du få
bevis for dette!! |
|
Resultat frå Asker, Skreia og Oslo (13.01.02)
| Denne helga deltok i alt 23 løparar frå
Sør-Fron IL på tre ulike arenaer. I NM sprint junior i Asker vart Ingar Dahlen
nr 13 og Kathrine Tofte nr 16 samanlagt. Eivind Dahlen var uheldig og
måtte bryte 1000 meter laurdag og vart dermed utan samanlagtplassering. Under
"Mjøscupen"på Skreia vart det seier til Andreas Løkken i
12-årsklassa. Fleire av dei andre løparane leverte også gode prestasjonar. Resultata
frå "Mjøscupen"og innlagt KM for Oppland er på sidene til SSK Toten
I "Veteranmesterskapet" på Valle Hovin tok Jan Peter
Stebergløkken fire gull- og ein sølvmedalje i nest yngste veteranklasse. Laurdag
hadde han beste tid på 500 meter (42,10) av alle dei 62 deltakarene uansett klasse. Dei
andre i Sør-Fron ILs ivrige "veteranklubb" gjekk også bra: Aud Kristin
Kolobekken, Bjørnar og Torgeir Rundsveen og Svein Bruket.
Klubbtrenar Erik Vea , som går for ASK, gjorde reint bord i klassa si med fem
gull, og så god tid som 2,08,97 på 1500 meter! |

|
Noregs raskaste veteranløpar!
Jan Peter Stebergløkken med 42,10 frå "Veteranmesterskapet" i
Oslo |
"Gå til start!" (06.01.02)
 |
NSFs startarkurs vart gjennomført på Flatmoen i helga med
Marcel Lesche Vanberg som inspirerande lærar! Laurdag vart teorien gjennomgått for dei
fem deltakarane, mens det søndag var praktisk starttrening. (Framme
f.v.): Morten Haugli, Jevnaker og Frank Johansen, SSK Toten. (Bak f.v.): Jan Erik
Rundsveen, Sør-Fron, Frank Løkken, Sør-Fron, kursleiar Marcel Lesche Vanberg og Svein
Bruket, Sør-Fron. |
Resultat frå Gol og frå Eidsvoll (06.01.02)
| Det stemte ikkje heilt for Eivind Dahlen under Norgescupen
på Gol i helga. Han var uheldig å falle på 500 meteren og fekk heller ikkje vist sitt
beste på dei andre distansene. Eivind kjem heilt sikkert sterkare att! Under
"Eidsvoll-løpet" deltok Thomas Beitmyren, Anne Lise Bergum, Jørn Frode
Fossehagen, Ida Katrine Fossehagen, Veronika Beitmyren, Anette Honningsvåg, Tone Mette
Bergum og Anne Marthe Ringen Elvsrud. |
Stor aktivitet i helga! (04.01.02)
| Det er stor aktivitet på skøytefronten i Sør-Fron i helga. Åtte
av løparane i klubben skal delta i "Eidsvoll-løpet" laurdag, medan Eivind
Dahlen reiser til Gol for å gå Norgescup laurdag og søndag. På
Flatmoen er det Trenar 1 - kurs i kveld og i morgon (sjå under), og startarkurs i regi av
Norges Skøyteforbund i morgon og søndag. På startarkurset deltek frå Sør-Fron IL: Svein
Bruket, Frank Løkken og Jan Erik Rundsveen. |
 |
Snart ferdig utdanna trenarar (04.01.02)
| Instruktør Svein Bruket med elevane Camilla
Talleraas og Laila Johansen. Desse jentene er snart ferdige med Norges
Skøyteforbunds Trenar 1 - kurs og kan gå opp til eksamen. Sør-Fron IL har dermed fått
to nye fine tilvekster på trenarstammen! |
|
Nyheitsarkiv for åra 1999 og 2000
ligg her 2001 her
| |
Sør-Fron ILs
hovudsponsor:

Sør-Fron ILs
hovudsponsor:
Andre samarbeidspartnarar skøytegruppa:


ÅGE HAVERSTAD
Aut. Maskinentreprenør
2647 Sør-Fron




|