|
Heimeside Nyheitsarkiv Bildeside Løparar Banerekordar Klubbrekordar Resultat OrgKart Terminliste Adelskalender Historikk NM junior 2005 NM senior 2002 Lenker
NM junior 2008
Andre samarbeidspartnarar skøytegruppa:

KVAM
MEK.VERKSTED
2642 Kvam


Ringebu Sag


| |
Sist oppdatert:
26.
april
|
Dugnad på
Flatmoen.
Søndag 2. mai kl. 12.00 har skøytegruppa dugnad
på/rundt den øvre fotballbana. Det blir servert bollar, saft og kaffe.
Det vil også bli varm grill, så ta med grillmat viss du vil ha det. Ta
med rive og evt. anna nyttig redskap. Møt opp til ei sosial aukt på
Flatmoen. Ski og friidrettsgruppa skal ha dugnad på m.a. Tarzanløypa
denne dagen og.
|
|
Avslutning av
skøytesesongen.
Skøytesesongen er over for lengst, og gruppa har
hatt sin årlege sesongavslutning på kommunehuset. Her vart det utdelt
premiar for deltaking på skøyteskule, klubbløp, klubbmesterskap, NM, NC
og VM. Æresmeldlemmar, trenarar og andre som har lagt ned mykje arbeid i
gruppa i år og tidlegegare sesongar fekk blomster. Nedanfor ser du bilde
av dei som fekk premie for å ha gått klubbløp onsdagar.

|
Siste indre på
Valle Hovin.
Malin W. Evjevik gjorde sine saker bra under
skøyteløpet siste indre på Valle Hovin helga laurdag 14. mars/søndag 15.
mars. Ho hadde bestetid på 500 m i klassa si (46,03, dette var delt 1.
plass), og hadde nest beste tid på 1500 m (2,28,07). Samanlagt vart ho
nr. 2.
Malin Øverjordet og Camilla Haverstad frå
SFIL deltok i jenter 10 år.
|
|
|
Karneval på
skøyteskulen.
Mange fine kostyme var å sjå på Flatmoen måndag
8. mars. Nesten alle som var på skøyteskulen denne dagen hadde kledd seg
ut. Etterpå fekk alle gratis pølser i kafeen, og det vart trekt premiar
blant dei som hadde kledd seg ut. Fleire bilde finn de på bildesida til
venstre.
 
|
|
Hallingdalskarusellen
laurdag 27. februar 2010.
Skøytegruppa i Sør-Fron IL var representert med 11 skøyteløparar på
Hallingdalskarusellen på Gol laurdag 27. februar. Fleire av løparane
sette personleg rekord på utandørs-is. Nedanfor er
eit bilete av skøyterekruttane frå Sør-Fron IL saman med Ådne
Søndrål. Framme frå venstre: Tuva Lien Dokk, Tuva Bakken, Camilla
Skarpnord Vangen, Vetle Wangen og Ådne Søndrål. Bak frå venstre: Hedda
Kolobekken, Andrine Kolobekken og Tale Bakken. Namna på dei andre
løparane frå Sør-Fron: Malin Øverjordet, Camilla Haverstad, Andreas
Wangen og Henrik Aspen.

|
|
Sandefjordløpet
Sør-Fron var godt representert på
Sandefjordløpet som gjekk i Vikingskipet laurdag 20. og søndag 21.
februar 2010. Vetle Wangen gjekk i rekruttklassa, Malin Øverjordet,
Camilla Haverstad, Ina J. Skogstad og Andreas Wangen gjekk i 10
årsklassa, Malin W. Evjevik gjekk i junior c- og Svein Bruket gjekk i
seniorklassa. Veldig mange gode skøytetider, fleire av løparane
sette personlege rekordar.
|
|
Mjøsløpet
laurdag 6. februar 2010.
Skøytegruppa i Sør-Fron IL stod
som teknisk arrangør på det historiske Mjøsløpet. Start og mål var ved Moelven
brygge. Ca. 150 skøyteløparar gjekk på på løpet på Mjøsisen laurdag 6.
februar. 7 av desse løparane var frå Sør-Fron. Løpet hadde distansar frå
10 km til 200 km, og over halvpaten av nederlendarane som hadde meldt seg på den
lengste distansa, fullførte den. Holze Sanstra vann 200 km-løpet, og
tida hans var på 7 timar og 14 min. Den som kom sist i mål av dei som
fullførte 200 kilometeren, gjekk på 9 timar og 44 minutt.
For meir informasjon sjå heimesida for løpet:
www.norwegianskatingfestival.no
|
|
Veteranstevne i Vikingskipet
Ingunn Sandø, Sigbjørn og
Svein Bruket deltok på Veteranstevne i Vikingskipet den 23. og
24. januar.
Alle resultata finn du her |
|
Hamarlekene i Vikingskipet
Mange unge og lovande
skøyteløparar deltok på Hamarlekene i helga den 16. og 17. januar.
Alle gjekk gode løp, og nokre personlege rekordar vart det og.
|
|
Norgesmesterskap i Vikingskipet
I helga 2. og 3. januar
deltok Malin W.E. i NM i Vikingskipet på Hamar. Malin gjekk 500
m og 1000 m både laurdag og søndag, og søndag sette ho personleg
rekord på 500 m med 45,37. I Malin si klasse (junior) vann Hege
Bøkko.

Komplette resultat finn de her. |
|
Kretsmesterskap i Vikingskipet
2. og 3. dag jul deltok 10
skøyteløparar frå Sør-Fron IL på kretsmesterskap for Oppland og
Hedmark i Vikingskipet. Over halvparten av løparane sette
personleg rekord. Laurdag 26. desember deltok alle løparane, og
søndag 27. desember var det løp for alle utanom rekruttane.
Alle resultata finn du her:
Resultat kretsmesterskap
|
|
Odalsskøyta
i Vikingskipet
Den 6. desember var løpet "Odalsskøyta"
arrangert i Vikingskipet, og 5 løparar frå Sør-Fron var med i
dette løpet. Her vart det sett fleire personlege rekordar. Alle
tidene over alle som deltok finn du her:
Resultat Odalsskøyta
|
|
Sommerløp i Vikingskipet
I august deltok fleire av Sør-Frons
skøyteløparar
på "Sommerløpet 2009"
i Vikingskipet på Hamar. Tidene viste
at formen er på plass før kommande
sesong, og det vart sett
fleire personlege
rekordar. Etter løpet møtte fire av
jentene landslagstrenar Peter Mueller.

|
Sjå artiklar frå førre sesong
(2008/2009) i vårt nyheitsarkiv.
|
| Tips eller bidrag? Har du tips om
stoff til internettsida vår, eller kanskje du sjølv ønskjer å bidra med skøytestoff
(tekst / bilde)...? I så fall, ver ikkje redd for å ta kontakt! Send gjerne ein e-post
til
laengenlene@hotmail.com
På denne sida ligg det ei lenke til ei rein bildeside, der inntrykk frå ulike
løp og treningssamlingar er festa til filmrullen/databrikka. Sjå Bildeside |
|
Oppdatering ved:
Lene L. Kolobekken
| |
Sør-Fron ILs
hovudsponsor:

Sør-Fron ILs
hovudsponsor:
Andre samarbeidspartnarar skøytegruppa:


ÅGE HAVERSTAD
Aut. Maskinentreprenør
2647 Sør-Fron




|