Skøytesporten i Sør-Fron

Folk i Sør-Fron har gått på skøyter sidan århundreskiftet. Den gongen var det nok helst om søndagane at folk møttest og prøvde skøytene på Lågen. Skøyteidrett i organisert form i bygda vår begynte i 1954. I nokre år framover var det eit aktivt miljø med base i Skolmhaugen i Lia. Denne aktiviteten sovna imidlertid inn etter nokre sesongar. Frå og med 1973 har aktiviteten foregått på Flatmoen Idrettspark, og i heile denne perioden har skøytesporten stått svært sterkt i Sør-Fron. Skøytegruppa har vore så heldig å ha ei rekkje med eldsjeler som har stått på år etter år. Sør-Fron Idrettslag har arrangert fleire store meisterskapar: LM (1984), NM junior sprint (1985), NM senior enkeltdistansar (1988), NM senior allround (1989), NM junior sprint (1993), NM senior sprint (1994), LM (1997), NM junior enkeltdistansar (2000), NM senior enkeltdistansar (2002) og NM junior allround (2005), NM junior allround (2008). Skøytesporten er i dag organisert gjennom ei undergruppe innafor Sør-Fron Idrettslag. Sør-Fron Idrettslag er eit fleiridrettslag som også har grupper for ski & friidrett, fotball og trim. Sidan 2002 har idrettslaget fått ein ny tilvekst gjennom Spinning Wheels  -  ei gruppe som driv med rullestolbasket.

 

historiebok

Mye meir om skøytesporten i Sør-Fron kan du lesa i boka Historia om Sør-Fron Idrettslag 1893 - 1998, som er skriven av Tormod Tofte og kom ut på Dølaringen Boklag i 1998. Boka er på 182 sider og tek for seg historia til idrettslaget gjennom 105 år. Boka kan du bestille til pris kr. 150,- + porto ved å sende ein e-post til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Partnere 2015-2018

Resultater klubbløp